Rekordstort fall i PC-salet
Det globale salet av datamaskiner går kraftig tilbake.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nedgangen i dei tre første månadene i år var på 14 prosent, noko som er det største fallet sidan firmaet IDC starta kartlegginga i 1994.
Ifølgje IDC har Microsofts siste Windows-versjon ikkje klart å stoppe nedgangen i PC-salet, slik mange hadde venta.
– Det har hatt motsett verknad, ifølgje IDC-nestsjef Bob O'Donnell. Analytikar i same selskap, Colin Gillis, seier til BBC at resultata er «fryktelege nyheiter» for PC-ar.
Nedgangen kjem av overgangen til mobile plattformer, og er dobbelt så stor som forventa av IDC.
Windows 8 er designa for å fungere med berøringsskjermar, men dette gjer datamaskinene dyrare, noko som igjen har gjort dei mindre attraktive.
HP, den største PC-produsenten i verda, har hatt ein nedgang i salet på 24 prosent i første kvartal. (©NPK)
Kvifor trur du pc-salet fell?