Vil ha eigen EU-minister

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sentralstyret til Venstre går inn for å oppretta ein eigen ministerpost for Europa-spørsmål og bidra til auka offentleg debatt om EU og EØS-politikk.

– Gjennom EØS har Noreg ei nær tilknyting til den Europeiske Unionen. Mykje politikk frå EU blir vedteke i Noreg utan offentleg debatt. For å styrkja vår tilkobling til Europa og den offentlege debatten, ynskjer Unge Venstre ein eigen norsk europaminister, heiter det i ein uttale frå sentralstyret.

Europautgreiinga vart lagt fram i byrjinga av 2012. Den viser at Noreg har blitt integrert på det europeiske kontinentet gjennom EØS-avtalen, og gjennom 74 separate avtalar som bind oss politisk til Den europeiske unionen. Sidan 1992 har det vorte innført over 6000 rettsakter i Noreg frå EU. Desse rettsaktene har påverka lovgjevinga i Noreg på alt frå telekommunikasjon til mattryggleik.

LES OGSÅ: – Venstre snur i EU-saka

– Noreg har diverre vald å vera tilkopla EU gjennom EØS og ikkje gjennom medlemskap i unionen. Difor har vi svært få høve til å påverka EU. Fornynings- administrasjons- og kyrkjeminsteren er òg ansvarleg for nordisk samarbeid, i tillegg til det sjølvsagte ansvaret til utanriksministeren. Ingen minister har eit overordna ansvar for tilhøvet vårt til EU og Europa, seier sentralstyret til Unge Venstre vidare.

Ei Norstat-undersøking frå våren 2012 viste at kvar tredje nordmann ikkje veit kva EØS-avtalen er. Det bør vere eit politisk ynskje om å auke kunnskapsnivået om europeisk politikk generelt og norsk tilknyting spesielt, meiner Unge Venstre.

QUIZ: Kva veit du om EU?

– EØS er ikkje utanrikspolitikk, men innanrikspolitikk. Direktiv frå EU omhandlar alle departement. Desse departementa har behov for auka koordinering og hjelp til å følgja og påverka prosessen i Europa. Det ville vore ein stor styrke både for norsk næringsliv og den offentlege debatten å ha ein tydeleg definert europaminister å forhalde seg til, heiter det i uttalen.

Då Høgre-leiar Erna Solberg møtte nordmenn i Brussel for nokre veker sidan, sa ho at Noreg bør ha ein eigen Europa-minister.

Kva meiner du? Bør Noreg ha ein eigen Europa-minister?