Ventar nok eit rekordår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt 54.000 reiste med Raumabana i løpet av fjoråret. Turistesongen strekkjer seg frå slutten av mai til slutten av august, og trafikkauken var ein oppgang på 35 prosent frå året før.

– Det ligg an til ny rekordsommar i år, med nye tredve prosents auke, seier sals- og marknadsansvarleg for Dovre- og Raumabana, Terje Fossum.

Han seier grunnlaget for auka har vore lagt med deltaking på messer og marknadsføring i utlandet, mellom anna i USA, Canada og Japan.

– Ei slik etablering tek alltid nokre år, og det var fyrst i fjor at vi merka auka, seier han.

Kåring og cruise
Fjoråret gav også ei topplassering i reiseguidetenesta Lonely Planet, der Raumabana vart kåra til europas vakraste togreise.

Reiselivet vil utnytte dette til det fulle, og reiselivssjef i Åndalsnes og marknadssjef i Cruise Molde-Åndalsnes, Hilde Gråberg Bakke, har stor tru på Raumabana.

– Eg har tru på at Raumabana, saman med Trollstigen, Romsdalseggen og ein stadig aukende cruisetrafikk vil lyfte turistsommaren 2013 i Rauma enda eit hakk opp frå fjorårets rekordsommer, fortel ho til avisa Sunnmørsposten.

Fleire skip
Det skuldast både den store merksemda Raumabana har fått gjennom Lonely Planet, og det faktum at det kjem fleire cruiseskip til Åndalsnes denne sommaren. Raumabana er vorte cruiseturistane sitt fyrsteval.

I fjor hadde Åndalsnes besøk av 49 cruiseskip med 89 000 passasjerer. I år kommer det 59 skip med 110 000 passasjerer. For cruisepassasjerene blir det sett opp spesialtog opp Romsdalen til Bjorli og attende.

– Vi har ikkje kapasitet til å ta hand om alle desse turistane, sjølv om det kjem eit nyoppussa togsett før sesongen, som skal ha litt større kapasitet, seier han.

Klå seg på Flåmsbanen
Fossum peikar på at Raumabana må ta omsyn til ordinær trafikk og godstog, slik for eksempel Flåmsbanen ikkje har behov for.

– Det er viktig for Raumabana å ha fleire bein å stå på, for å vera liv laga. Vi er ikkje ei rein turisbane, men har vi same auke framover eit par-tre år til, kan vi bli ein reell konkurrent også til Flåmsbana, seier han.

Flåmsbana har omlag 600 000 passasjerar kvart år.

I turistar frå Europa via cruisetrafikken, og turistar frå Asia via Gardermoen ligg potensialet til Raumabana, meiner Fossum.

Bjorli stasjon
Laila Brøste på turistinformasjonen på Bjorli har von om å få til same prosjektet som i 2010 og 2011, då ungdommar trakterte togturistar under opphald ved Bjorli stasjon.

– Vi hadde kafe med noko attåt i to sesongar, og det vonar vi å få til att. Vi har ikkje rukke å ha møte att med kommunen, så eg veit ikkje nok enno, seier Brøste.

Prosjektet den gongen hadde støtte både frå kommunen og Jernbaneverket, fortel ho.

Vigga fekk ikkje tak i næringskonsulenten i Lesja, Håvard Gangsås, før vi gjekk i trykk i går.

Les saka i Vigga!