Grønt lys for nynorsk nettbank

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Homme viser til at nynorske nettbankar er ei sak mange bankar har vore opptekne av lenge.

– Sparebanken i Valle har alltid brukt nynorsk. Me har ein spesiell dialekt, og det er heilt naturleg for oss å bruke nynorsk både på nettsider og i brev og anna materiell.

Snart på plass
Valle Sparebank er saman med 78 andre sparebankar ein del av Terra-gruppa. Bankane i Terra-gruppa er sjølvstendige, med eigne namn og profilar. Samstundes har dei ein del fellestenester, blant anna nettbank. Terra-gruppa er både eit finanskonsern og ein bankallianse som ynskjer å tilby tenester og produkt som er for kostnadskrevjande for den enkelte banken.

– Me er mange bankar på vestlandet, i Ryfylke og i Telemark som har etterlyst ein nynorsk versjon av desse nettbankane. No har me fått signal om at dette blir løyst i løpet av året, noko som er kjempebra.

– Kva betyr det for kundane å få nettbanken på nynorsk?

– Eg trur heilt ærleg at det for nokon ikkje har noko å bety, sidan det språklege medvitet er varierande. Men for andre er det viktig, meiner Vidar Homme. Han viser til at banken i Valle har fått fleire spørsmål om ikkje nettbanken bør kome på nynorsk. I tillegg har lokalavisa Setesdølen teke fatt i saka og laga eit oppslag som sette saka på dagsorden.

Siger for nynorsken
Han meiner nettbankar på nynorsk er ein siger for nynorsken.

– Det er eit verktøy dei aller fleste brukar jamleg, mange dagleg. Med dette er me på veg til å etablere nynorsk også som ein del av økonomispråket.

– Kvifor er ikkje dette gjort før?

– Det er eit godt spørsmål. Det kan sjølvsagt ha noko med kostnad å gjere. Det er dyrare å endre på eksisterande dataprogram enn å gjere endringane i startfasen. Nynorskbankane har også medverka gjennom omsetjing av tekstar frå bokmål til nynorsk i nettbankane for å få kostnaden ned.

Det har diverre ikkje lukkast LNK-avisa å få tak i talspersonar for Terra-gruppa.

Les saka på LNK.no!