Eg stor sans for politikar som utnyttar det politiske handlingsrommet dei har føre.

I starten av inneverande månad, oppsto det i ein debatt i Ålesund bystyre kring kor vidt ein skal lyse ut anbod innan såkalla ope omsorg eller ikkje. Det vart ein debatt med høg temperatur, og dei ideologiske skiljelinene mellom høgre- og venstresida i norsk politikk kom tydeleg fram. Sosialistane (med støtte frå KrF) brukte adjektiv som galskap, dumt, dyrt og byråkratisk om innstillinga frå Rådmannen, medan høgresida var opptekne av valfridom for brukarane og at eit slikt alternativ vil auke den kvaliteten på tilbodet til brukarane.

Eg ynskjer slike ideologiske debattar velkomne. Norsk politikk er så prega av retorikk og flosklar at politikken mange gongar vert borte – dette gjeld kanskje især i lokalpolitikken, som har lite politisk handlingsrom, og difor i stor grad blir eit sandpåstrøingsorgan for den sitjande regjeringa sin politikk. Eg trur slike debattar som den i Ålesund bystyre, engasjerar folk i lokalsamfunnet, og det er bra – på same måte som Spydeberg skapte debatt, da kommunestyret vedtok ei prøveordning med dobbelt utbetaling av kontantstøtte. Både Kristin Clemet og Ketil Solvik Olsen har sagt det: Dei retoriske talenta blir vald framfor folk med arbeidserfaring, visjonar og evne til å skape resultat.

Personleg har eg stor sans for politikar som utnyttar det politiske handlingsrommet dei har føre – ikkje for å drive symbolpolitikk eller bruke politisk retorikk, men for å setja sine politiske idéar ut i livet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE