Leik kvar dag!

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vera skodespelar er ein hard jobb, det veit nok alle som freistar. Kanskje nett derfor er det viktig å leike seg kvar dag. Det handlar om å ha det gøy med det ein gjer, forklarar Heidi Ruud Ellingsen(28).

Denne våren står ho på hovudscenen på Det Norske Teatret, som Aud i framsyninga Fossegrimen. I 2007 vart ho landskjent gjennom NRK-serien Drømmerollen, som gav henne rolla som Kathy Selden i musikalen Singin’ in the Rain på Oslo Nye Teater. Seinare har ho stått på fleire scene, og fjor hadde ho ei av hovudrollene i dramaserien Hjem.

LES OGSÅ: – Eit minutt til å få dei på ditt lag

Kulturskulen
For Heidi byrja vegen mot skodespelartilværet byrja i kulturskulen heime i Narvik. Fyrst med fiolin, og med kor og ballettskule som 8-åring. Etter det tok ho songtimar på ungdomsskulen.  

– Kulturskulen var flink til å setje opp framsyningar på tvers av ulike greiner, så musikk-elevane, ballett-elevane og koret jobba saman i til dømes musikalar. Det skapte ein enorm kjensle av fellesskap, forklarar ho. Likevel ante ho ikkje då, at framtida skulle verte som skodespelar, for Heidi eigentleg verte lege. Men så var det talentsamlingar i Tromsø og miljøet vart større

– Det var på studietur til Stockholm med ballettlæraren min, at eg tenkte at formidling kanskje var noko eg verkeleg kunne drive med.

LES OGSÅ: Slik blir du skodespelar

Tryggare
Dansen vart inngangen til formidling på heiltid. Heidi valde Bårdar Akademiet. Så fekk ho rolle i Spellemann på taket på Oslo Nye Teater, så kom Drømmerollen og seinare har rollene vore mange.

– Det aller viktigaste er å gjere kvar oppgåve best mogleg. Sjølv om eg har hatt mine augneblink der eg drøymer, så må vegen heile tida vera målet.  

Sjølv med mange rolle, møte med publikum og lærdommar, er det ikkje kjensla av å setje i gong med nye prosjekt totalt forandra.

– Det er heilt nye utfordringar kvar gong. Men ein vert jo tryggare på seg sjølv og får meir erfaring, og kanskje er eg tydlegare no enn for 2-3 år sidan, avsluttar Heidi Ruud Ellingsen.

Faktaboks

Heidis tips til unge skodespelardrøymarar:

• Det er kjempeviktig å tørre, då vert du modigare. Har du ambisjonar er det berre å kaste det ut i det.
• Ha det gøy med det du gjer.
• Smak på- og leik med teaterfaget, då finn du ut kva du vil.
• Søk! Hugs at det er fleire vegar til Rom, og Teaterhøgskolen er ikkje det einaste.
• Dramalinje på folkehøgskule er ikkje så dumt, det skulle eg ynskje eg gjorde.
• Ikkje ha det travelt som ung!