Farleg å sitja stille

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å sitja åtte timar framfor ein datamaskin kvar dag, for så å gå heim og sjå på fjernsyn, surfa på nettet eller spela dataspel, er truleg noko av det farlegaste ein kan gjera, skriv Dagens Næringsliv.

I ein studie som følgde aktivitetsnivået til ei gruppe frå 1996 til 2011, fann ein klare indikasjonar på at det var ein samanheng mellom å sitja mykje stille og dødelegheit. Studiar har vist at stillesitjing er direkte relatert til auka risiko for livsstilssjukdommar og tidleg død, også når ein kontrollerer for BMI og fysisk aktivitet elles.

LES OGSÅ: – Hald ut i starten

Arnt Erik Tjønna er postdoktor ved Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk ved NTNU og jobbar ved KG Jebsens senter for hjerteforsking. Han forskar blant anna på kva som skal til for å få betre kondisjon. Han fortel at pulsen må opp dersom forma skal bli betre og anbefaler alle å ta i litt ekstra innimellom.

– Men alt er betre enn ingenting. Eg tør ikkje seia noko anna, seier Tjønna til Dagens Næringsliv.

Når forma blir betre, ser det også ut til at det generelle aktivitetsnivået aukar.

LES OGSÅ: Me sveittar meir enn før

– Dei som trenar er meir i rørsle også elles. Dei får meir overskot og tar gjerne ein ekstra søndagstur eller ein roleg tur i marka i tillegg, seier Tjønna. (©NPK)