30 prosent av lærarstudentane droppar ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av tre lærar- studentar sluttar

Den gamle lærarutdanninga vart kritisert for å ha for høgt fråfall, og difor vart studiet lagt om for to år sidan.

Den såkalla følgjegruppa som evaluerer den nye utdanninga, la tysdag fram tal som viser at 30,3 prosent av lærarstudentane som begynte på studiet i 2010, har slutta, skriv Aftenposten.

Det første året hadde 22,6 prosent gitt seg.

Statistikken viser at det er flest mannlege studentar som gir opp. Fråfallet var størst ved Høgskolen i Bergen. Der hadde 40,3 prosent av studentane slutta etter to år. (©NPK)

LES OGSÅ: 370 kommunar manglar lærarar

Kva meiner du skal til for at færre skal droppa ut?