Uroleg for framtida til universiteta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få norske søkjarar til stipendiatstillingar til teknologifag ved universiteta gjer at over halvparten av dei som tek doktorgrad i desse faga forsvinn til utlandet, melder NPK.

– Dette er eit komplekst bilete, men det er eit bilete vi må gjere noko med, seier Lise Lyngsnes Randeberg, professor i biomedisinsk optikk og fotonikk ved NTNU, til Klassekampen.

Ho leiar i dag eit team med berre utanlandske stipendiatar.

– Eg er absolutt ikkje mot internasjonalisering, men vi må finne eit balansepunkt mellom internasjonal og norsk rekruttering, seier Randaberg.

Tal frå fagforeininga Tekna viser at ein doktorgrad ikkje er lønsamt for ein nordmann, som etter enda masterutdanning i eit teknologifag ofte får gode jobbtilbod.

Randaberg meiner akademia må gjerast konkurransedyktig, og at det norske samfunnet må begynne å tenkje på konsekvensane.

– Kvar er universitetet om tjue år, spør Randaberg.