Nokre gonger blir eg oppgidd over kor kritiske unge menneske er. Nei, no lyg eg. Eg blir mykje oppgidd.

Lat meg aller først presisere at eg er fullstendig klar over at det er eit meta-prosjekt eg gir meg ut på; kritikk av andre sin kritikk. I fare for å bite meg sjølv i halen vil eg likevel gjere eit forsøk:

Det er ein spesiell type ”unge menneske” eg vil snakke om. Dei er over gjennomsnittet opptekne av kultur, og kan tilsynelatande alt om dette. Musikk, film, litteratur og kunst er alle sentrale tema som blir hyppig diskutert. Dei er unge, urbane og på jakt etter seg sjølve (”sjølvrealisering” er eit aktuelt ord her, men ikkje noko dei ville ha nytta om seg sjølve). Noko meir presist om kven desse menneska er, let eg vere til fantasien.

Slakt. Under eksamensperioden føre jul fekk nokre studentar på ein høgskule utdelt ei handfull med eksamensløysingar frå fjoråret. Kva karakter har denne oppgåveløysinga fått? Dei nemnde studentane valde regelrett å slakte stilane, alle som ein, og gav karakterar som samsvara med dette. Overraskinga blant studentane var stor då dei fekk vete at dei verkelege karakterane viste seg å vere langt i frå så dårlege som dei hadde trudd. Stilane hadde nemleg fått toppkarakterar.

Sint ung mann om norsk tv. I februar-utgåva av avisa Natt&Dag las eg nyleg ein artikkel kalla ”Mens dere så på Halvbroren”. Berre tittelen vitnar om den syrlige arrogansen som er gjennomgåande i teksten. Skribenten innleier artikkelen med å hevde at han er ”lei av å bølle med norsk tv”, og har ”mista piffen”. Han beviser så det sterkt motsette ved å bruke over halve teksten til å rase over kor dårleg Halvbroren er, og berre andre halvdelen går med til å fortelje om ein svensk tv-serie han anbefaler, nemleg Allt faller.For meg verkar dette som ein noko skeiv fordeling. Kvifor bruke meir tid på å snakke om det som er dårleg enn det som er bra? Den svenske tv-serien han forsøker å fortelje om, druknar i den skarpe kritikken og dei godt oppbrukte argumenta mot Halvbroren. Som lesar er eg langt meir interessert i ein sjølvstendig artikkel om Allt faller enn å høyre om endå ein sinna ung mann som deppar over at norsk fjernsynsproduksjon aldri lever opp til forventningane.

Forsvarsmekanisme. Og det er slik. Å kritisere er lettare enn å gi ros. Kvifor? Svaret er enkelt. Kritikk er eit lettvint forsvar. Begge døma eg har brukt er berre eit av mange passande illustrasjonar på det eg meiner; kritikk og ”bølling” kan ikkje brukast mot avsendaren, det er ”trygt”. Det er nærast sett på som noko positivt, og det er ein gjengs oppfatning at di meir kritisk og di flinkare til å oppfatte feil – di smartare må du vere. Etter mi meining er det omvendt; det er langt meir imponerande å høyre nokon seie ”dette er bra” enn ”dette suger”.

Dei kallar det alvorsgenerasjonen. Eg kan komme på mange namn som også passar, men dei skal ikkje ytrast her. Eg meiner at inntil ein sjølv har nokre bragder og merittar å skryte av, skader det ikkje med ein smule å vere meir audmjuk. Lat oss diskutere kvalitet før elende!

Oppdatert: sundag 8. april 2018 09.20
ANNONSE