SV-leiinga vil opne for skjenking heile natta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit ekstremt forslag

Programkomiteen i Sosialistisk Venstreparti føreslår at partiet skal opne for døgnopne ølkraner landet rundt. SV skal behandle forslaget på landsmøtet til helga.

Forslaget går ut på at kommunane sjølv skal få bestemme kor lenge utestadene kan halde ope, heilt utan statlege føringar, skriv Klassekampen.

– Eg trur på å gi kommunane meir ansvar, også i skjenkjepolitikken, seier Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i programkomiteen til SV.

LES OGSÅ: – Ta ein slurk

Komiteen var først delt i synet på opningstider for utestader, men enda til slutt med ei samrøystes innstilling.

Dersom landsmøtet vedtek forslaget til helga, vil det bety at SV legg seg på same linje som Høgre og Framstegspartiet, skriv avisa. SVs regjeringspartnar Senterpartiet meiner forslaget er ekstremt.

– Det er eit heilt ekstremt forslag. Blir dette vedteke, kjenner eg ikkje igjen SV, seier Sps helsepolitiske talsperson Kjersti Toppe.

LES OGSÅ: Alkoholforbruket når nye høgder

Tidlegare har dei raudgrøne partia blitt einige om å stramme inn dei nasjonale retningslinjene for skjenkestopp frå klokka 3 til klokka 2. Dette heng ikkje saman med SV sitt nye forslag, meiner Toppe.

– Dei har sjølv stått på talarstolen i Stortinget og harselert med liberalismen til Frp og Venstres liberalisme på dette feltet, så dette er ei heilt ny linje, seier Toppe. (©NPK)

Kva synest du om forslaget om å la utestader skjenke døgnet rundt?