– Hadde det ikkje vore flott med meir tid til kvarandre?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil ha mindre mas etter pengar

Kvifor har de i Grøn Ungdom to talspersonar i staden for ein leiar slik som andre ungdomsparti?

– Talspersonstrukturen kan ein finne i dei fleste grøne partia i Europa. Det spring ut av ideologien vår, der jamstilling og sosial rørsle er sentrale element. Vi har ein flat struktur som har ei positiv verknad på organisasjonen vår, det er viktig for oss at makt er eit delt ansvar. Dessutan har Hallvard og eg god kjemi og utfyller kvarandre på ein god måte!

Kva vil Grøn Ungdom merka av forskjell med deg som talsperson?

– Eg trur Grøn Ungdom valde meg fordi dei veit eg har lyst! Eg skal få bodskapet vårt opp og fram. Eg er ikkje særleg redd for å ta utfordringar eller å sjølv utfordre.  Det viktigaste no vert synlegheit, i debatt, i gata og på sosiale medium.

Kvifor er det bruk for Grøn Ungdom?

– Vi manglar ein verkeleg radikal, ung stemme i norsk politikk i dag. Det hadde ikkje vore greitt for oss å drive valkamp for eit parti som inngjekk eit klimaforlik som handla meir om sykkelveg enn oljeindustrien. Vi har miljø og berekraft som utgangspunkt, ikkje som eit tillegg.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Klimasaka fekk meg inn i Grøn Ungdom. Eg var så umåteleg skuffa over politikarane på Stortinget, og fann ut at eg berre måtte gjere noko sjølv. Miljøpartiet dei Grøne er dei einaste som tør å sjå sanninga i kvitauget. Politikk bør etter mi meining handle mindre om maktkamp, og meir om å skapa ei betre verd. Eg veit det er litt naivt, men kva er livet utan visjonar?

Kva saker er det du brenn for og vil gjera noko med?

– Klima, samferdsel, og livskvalitet framfor økonomisk vekst. Dessutan treng vi ein haldningsendring med tanke på dei viktigaste omsorgsyrka våre. Det skal vere kult og fint å vere lærar eller pleiar.

Kva bør Noreg leva av viss me ikkje skal leva av oljeressursane våre?

– Det er allereie få som jobbar direkte i oljeindustrien, og utbygginga av fornybarnæringa må starte no. Vi er særs heldige her i Noreg. Frå oljeindustrien har vi kunnskap som kan nyttast i annan industri óg. Med dei 200 milliardane som vert investert i olje kvart einaste år, kan vi gjere mykje fornuftig. Det er mest ingenting som held oss tilbake! Vi vår håpa spørsmålet ikkje vert til “Kva skal vi gjere no som olja har gått tom, og alle andre land har gått over til å nytta fornybar kraft?”

Folk skjønar at de i Grøn Ungdom vil ha eit grønare samfunn. Er det noko anna folk bør vita om Miljøpartiet Dei Grøne og Grøn ungdom?

– Vi er eit parti for livskvalitet. Hadde det ikkje vore flott med mindre jag og mas etter pengar, og meir tid til kvarandre?

Korleis vil de gjera skulen endå betre?

– Her må eg vere ærleg å seie at Miljøpartiet dei Grøne, i likskap med dei andre partia, ikkje har funne mirakelkuren enno. På lenger sikt ynskjer vi ein skule som er for heile menneske, som ikkje berre dyrkar det teoretiske. På litt kortare sikt har vi blant anna gått inn for eit løft for yrkesfag, høgare lærarløn og meir praktisk undervisning.

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Vårt mål med politikk er å få eit betre samfunn, og særleg for den generasjonen som er ung no. Difor er det viktig for oss å vere på nett med dei som ikkje engasjerer seg, og ivareta deira meiningar. I eit betre samfunn med eit demokrati som ligg nærare folket, trur eg at fleire vil engasjere seg.

Faktaboks

Ingrid Ophaug Dahl, nyvald talsperson for Grøn Ungdom (saman med Hallvard Surlien)

Alder: 22 år (i dag, 13. mars)

Frå: Os i Hordaland

Studerer: På Universitetet i Oslo til å bli lektor i norsk og samfunnsfag.

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag er den absolutte vinnaren. På vidaregåande likte eg best sosiologi. Norsk er heller ikkje å forakta. Det er kanskje ikkje så rart at eg har bestemt meg for å bli lektor.

Verv: Eg har bestemt meg for å ikkje ha andre faste verv enn i Grøn Ungdom, og så er eg jo ikkje minst 2. kandidat på stortingslista til Dei Grøne i Hordaland. Eg kunne i grunn ynskje eg hadde litt meir tid å bruka på studentpolitikken på Blindern.

Medlem i: (utanom Grøn Ungdom) Framtida i våre hender og Noregs Mållag. Støttemedlem i Natur og Ungdom.

Kva gjer du i fritida/hobby: For å vere ærleg, så likar eg å sjå på ganske teite tv-seriar. Eg prøvar å få med meg flest mogleg konsertar, og elskar festivalar! Det aller beste er å sitje på eit tog og glo ut vindauga i time etter time, det vert nesten trist den dagen vi endeleg får høgfartstog. Kunne ynskje eg kunne seie slalom, men eg har berre vore i bakken ein gong denne sesongen! Krise! Eg burde verkeleg få meg ein hobby-hobby. Tips tek eg i mot med takk!