Ungdom med fysikk som 70-åringar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge har fysikk som 70-åringar

På seks år har talet på kiropraktorbehandlingar nesten 20-dobla seg i aldersgruppa 10–19 år ved Didriksen Kiropraktorsenter i Førde, melder Firda.no.

– Det er heilt utrulege tal det er snakk om, seier kiropraktor Andre Didriksen til avisa. Talet på pasientar i den same aldersgruppa no er seks gongar høgare enn for seks år sidan.

Didriksen har samla statistikk over pasientar og talet på behandlingar i dei forskjellige aldersgruppene i perioden 2006–2012. Han er sjokkert over utviklinga blant dei unge, som har ein klart høgare vekst enn dei eldre.

– Me ser mange med livsstilsproblem som eigentleg ikkje skal koma før ein blir mykje eldre til dømes kroniske tilstandar som ein vanlegvis ser hos folk i 70- åra. Det er ein tendens at fleire unge kjem inn med psykomotoriske lidingar som ofte er med stress og press. Me kallar det deadlinesyndromet, fortel han til Firda.no.

– Ungdom, og faktisk barn heilt ned i 8-9 års alderen kjem inn med smerter i rygg, nakke og skuldrer som ein tidlegare berre såg hjå vaksne, sa kiropraktor Thomas Lauvsnes då Framtida.no snakka med han i fjor.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Stress og pc-bruk
Andre Didriksen gjev passiviserande aktivitetar som pc-bruk får skulda. Stress kan også vera med på å auka problemet, seier han.

Ellen Årtun, kiropraktor og doktorgradsstipendiat ved Syddansk Universitet i Odense i Danmark, forskar på samanhengen mellom ryggsmerter og fysisk aktivitet hjå barn og unge.

– For å førebygge ryggsmerter er det truleg viktig å ha ein aktiv kvardag der ein syklar til og frå skulen, er aktiv på skulen, og leikar eller driv med idrett på ettermiddagen. For ryggen sin del mistenker me at det kan vera viktigare med aktivitet heile dagen, i staden for å berre trena ein time med høg intensitet på kveldstid, sa ho til Framtida.no i fjor.

LES OGSÅ: Ryggsmerter råkar tidlegare

Krev meir fysisk aktivitet
Ein OECD-rapport frå 2009 plasserer Noreg blant den tredelen av landa som har lågast fysisk aktivitetsnivå blant 11–15-åringar. Samanlikna med aldersgruppa 65-85 år bruker 15-åringane ein større del av dagen til stillesitting.

Joachim Tansemb Andersen, informasjonsansvarleg i Norsk Kiropraktorforening, seier til Framtida.no at dei òg nasjonalt har merka ein auke i talet på unge som treng behandling. Han meiner auka aktivitet vil verka førebyggande:

– Me støttar initiativet med ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen, seier han.

Saman med Norges idrettsforbund, Den norske legeforening, Norsk fysioterapiforbund og ei rad andre forbund med til saman 2,2 millionar medlemmar har kiropraktorforeininga sendt eit krav til regjeringa om éin time fysisk aktivitet kvar dag for alle skuleelevane i Noreg.

LES OGSÅ: – Husarbeid er fullverdig trening

– Livsstilsproblem
Leiar i Norsk fysioterapiforbund, Eilin Ekeland, seier til Framtida.no at lite aktivitet er eit stort livsstilsproblem i samfunnet. I tillegg til krav om ein time fysisk aktivitet i skulen, er ho opptatt av å få fleire med i aktivitetane. Ho bed om fleire ressursar til fysioterapeutar som arbeider for med å leggja til rette for fysisk aktivitet for fleire.

– Skulane seier dei treng hjelp til å få alle med. Me veit at det er ungar med astma eller ungar som ikkje trivst med ballspel som bør få eit tilbod som er lagt til rette for dei, påpeikar Ekeland.

LES OGSÅ: Elevane sit meir stille på skulen

Kva meiner du? Er det på tide at det blir éin time med fysisk aktivitet i skulen kvar dag? Korleis skal ein få alle med seg på å bli meir fysisk aktive?