Tok utfordringa frå rektor

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Konkurransen har stadfesta mistanken eg hadde om at innovative studentar er ein av våre viktigaste ressursar, sa rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Ole Petter Ottersen, då vinnarane av konkurransen Rektors utfordring vart kåra måndag.

Miljøutfordring
Med eitt semesters studielån som lokkemat, har studentar ved UiO dette semesteret blitt utfordra til å sende inn sine beste idear for å betre luftkvaliteten i Oslo, gjere transport meir miljøvenleg, eller effektivisere avfallshandtering. Konkurransen har blitt arrangert i høve UiOs innovasjonsår, og er i samarbeid med Oslo kommune.

– Vi er overvelda av alle ideane som er komne inn, sa Ottersen.

Studentar ved UiO har sendt inn heile 153 idear. Av desse kunne ti troppe opp på scena i går, for å presentere ideane for jury og publikum.

Idémaskiner
Og det var stor breidde i ideane. Finalist Sondre Ljoså lanserte ”Barnas månadskort” – ei henteteneste der småbornsforeldre kan levere borna til eit hentepunkt ved barnehagen. Der vert borna møtt av pedagogisk personale, og småbarnsforeldra kan lettare velje å reise kollektivt. Miljøgevinsten kan bli opp til ti tusen bilreiser kvar dag, ifølgje Ljoså.

Anne Dubrau, student og gründer bak miljøprosjektet Epleslang, foreslo å byggje bikubar rundt omkring i Oslo.

– Eg var i Boston då eg oppdaga at også bier liker byar. Og bier har mange gode bieffektar, sa finalisten.

– Dei aukar tilgang på surstoff, tek med seg svevestøv, og lagar lokal, kortreist honning. Vi får heile økosystem inn i byen ved å ha bikubar her, forklara Dubrau.

Dei andre bidraga spende frå ein teknisk luftreinskar, ei nettside for å organisere bildeling, og ein sporar for å overvake overfylte søppeldunkar, til eit poselotteri med det allereie eksisterande kjeldesorteringssystemet i Oslo.

Spesialavfall
Til sist var det prosjektet ”Den rosa boksen” som stakk av med både publikumsprisen og prisen frå Oslo kommune. Fysikkstudent Johanne Thurmann-Moe og sosialantropologistudent Kaja Berg Hjukse sin idé var enkel og bygde vidare på kjeldesorteringssystemet i byen.

– Vi trur mange ender opp med å kaste spesialavfall i vanleg bos, fordi dei korkje veit kor spesialavfallstasjonane er, eller har nokon god plass å oppbevare avfallet heime, sa studentane.

Løysinga er ”Den rosa boksen” – ei pappøskje ein kan hente i butikken, der ein finn dei grøne og blå plastposane til sortering. Boksen kan brukast til å oppbevare spesialavfall til ein skal kaste det, og kan i tillegg bli dekorert med kart eller lister over spesialavfallstasjonar, handtak, og kanskje til og med ein scannbar kode for å finne enklaste reiseveg til nærmaste stasjon.

– Vi ser fram til å arbeide vidare med Den rosa boksen, sa byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland.

Studentane Jon Lund og Henrik Auråen vann prisen frå universitetet. I prosjektet ”Trashtag” vil dei merke elektroniske produkt for å få fleire til å levere desse inn, samt kunne tene pengar på dei kasserte produkta.

– 2,4 millionar mobiltelefonar vert seld i Noreg kvart år, og av desse vert 50 000 samla inn. Ved hjelp av trådlaus merking, kan vi både tene pengar og redde planeten, meinte studentane.

Breidde
Rektor ved UiO, Ottersen, var nøgd med at studentar frå seks av åtte fakultet deltok i konkurransen.

– Noko av hensikta bak konkurransen har vore å skape medvite om at innovasjon er meir enn teknologi. Innovasjon handlar om å vere kreativ og løysingsorientert på alle felt, sa Ottersen.

Under finalen kunngjorde dessutan rektor at studentar med ein miljøidè skal få ein ny sjanse neste år.