– Alle må få tilbod om kulturskule

Enger-utvalet meiner den kulturelle grunnmuren må byggjast, og foreslår i ein NOU-rapport ei målmedviten styrking av folkebibliotek og kulturskular.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går for lokalt kulturløft

– I kulturløftet står det at alle skal få tilbod om kulturskule. Det er lange ventelister. Vi meiner alle bør ha eit slikt tilbod, seier utvalsleiar Anne Enger.

Ho seier at kulturen har fått auka løyvingar, men understrekar at sjølve grunnpilarane innan kulturen er tilsidesett til fordel for felt som idrett, musikk og hendingar.

LES OGSÅ: Desse er best på kultur

Kritiske punkt
Utvalet for Kulturutgreiinga 2014 vart sett ned av regjeringa våren 2011 for å gjere greie for utviklinga i norsk kulturpolitikk etter 2005, og gi viktige vurderingar også for dei kommande åra. Utvalsleiar Anne Enger overleverte den offentlege utgreiinga til kulturminister Hadia Tajik (Ap) på ein pressekonferanse måndag.

Utvalet kjem med ei rad kritiske innspel til oppfølginga av kultursatsinga. Dei raudgrøne kan nå målet om 1 prosent av statsbudsjettet til kultur neste år. Då er summen dobla, frå 5 til 10 milliardar kroner årleg sidan 2005. I kommunane er budsjettauken endå større, men ein del av det har gått til idrett, seier Enger-utvalet.

LES OGSÅ: Dansar for framtida

Øyremerkte middel
Blant dei tiltaka utvalet foreslår, er øyremerking av statlege pengar til lokale kulturløft. Desse midla bør rettast mot folkebiblioteka og kulturskulane i tillegg til eit utvida tilbod om øvings- og framføringslokale lokalt.

– Ingen er «taparar» så lenge alle får meir etter den sterke budsjettauken. Likevel peikar utvalet på at det må til ei omfattande etablering av bygg og scenar, seier Enger.

Ytringsmangfald
Kulturminister Tajik meiner kulturlivet generelt har opplevd eit kraftig løft sidan 2005.

– Vi treng det eg vil kalle for eit ytringsmangfald og då må kraftsentra over heile landet med. Denne veka startar vi arbeidet med ein konferanse i Oslo, og dei neste vekene og månadene skal vi dra til alle fylka i landet for å skaffe oss relevante innspel, seier ho.

Tajik meiner regjeringa i all hovudsak er i mål, eller nær mål, for dei fleste kulturkløfta som er gitt.

– Dei kritiske punkta i utgreiinga skal vi ta med oss. Eg håpar utgreiinga skal stimulere til vidare debatt, seier kulturministeren. (©NPK)