Samling i midten. No!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Paven går av. Og endå verre: Det kjem til å komme ein ny ein.

Ein langhåra standup-komikar får stor oppslutning i det italienske valet. Og om eg skal dømme etter dei intervjua eg har sett, og det skal eg naturligvis, så er han ikkje spesielt vittig heller.

Forhold går i oppløysing. Og mange meiner det er idiotisk av folk og media å vere så opptatte av at eit forhold går i oppløysing. Mange meiner også at det er endå meir idiotisk å meine at det er idiotisk å vere opptatte av at eit forhold går i oppløysing når du berre kan la vere å bry deg om heile greia.

Ein svensk dokumentar i den kjende pompøse-menn-snakkar-sakte-og-peikar-på-papir-sjangeren prøver å klistre dopingskuldingar til dei største langrennsheltane frå ein av dei få nasjonane i verden som framleis driv med langrenn.

Og verst av alt: Nokon vil at Per Sandberg skal gi seg som nestleiar i Frp. Dei vil heller ha ein av dei kortklipte mennene som kler jakke. 

Dette har fått fleire av oss som skriv i aviser og meiner og vitsar om politikk til å snakke om partiets sjel. Om grunnfjellet. Om folket.

 

Dette har vi naturligvis ikkje snakka om fordi vi er opptatte av grunnfjell. Eller folk. Det skulle tatt seg ut. Og sjel veit eg ikkje eingong kva er.

Vi har snakka om dette fordi vi ser med djup bekymring på ei utvikling som gjer det både mykje vanskeligare og mykje kjedeligare å meine og vitse om politikk. Dette handlar rett og slett om arbeidsvilkåra til alle oss som snakkar og vitsar om politikk. Og tida er no inne for at vi fremjar eit felles krav til det politiske miljøet: 

Alle dei politiske partia bør ha minst ein sentral politikar som svarer til fordommande våre mot dette partiet.

Det kan ikkje vere for mykje å be om.

Elles blir jobben vår fryktelig vanskelig.

 

Altså:

Høgre bør ha minst ein ufattelig kjedelig snakkande kalkulator i dress som meiner skattelette løyser alt og som eigentlig har lyst til å jobbe i næringslivet. 

KrF bør ha minst eit mørkemenneske som er mistenkelig glad i Israel og som meiner alle dei andre har rotta seg saman for å avkristne Norge og tvangsgifte alle med personar av same kjønn. 

SV bør ha minst ein svevande eks-lærar som synest alle bør vere snille mot kvarandre og at det meste USA gjer er kjempeteitt.

Venstre bør ha minst ein politikar som på alle spørsmål enten svarer «Små- og mellomstore bedrifter» eller «Kva synest du sjølv?»

Ap bør ha minst ein sjølvfornøgd gammal og grå mann som har oppriktige problem med å forstå at det finst folk som stemmer på andre parti, som alltid uttaler seg på vegner av historia og fellesskapet, og som er pinlig opptatt av fagrørsla. 

Senterpartiet bør ha minst ein hissig bonde som openbart ser ned på alle som ikkje har mjølka kyr og bore staur, og som eigentlig ikkje forstår kva som er så feil med å gå med kniv i beltet på Stortinget. 

Og Frp bør naturligvis ha minst ein leiande politikar som ikkje kler jakke, som ikkje har mastergrad i noko som helst, og som minst ein gong har gjort noko diskutabelt som involverer sprit. 

Dette er ikkje urimelige krav. Så det politiske miljøet bør høyre på oss som vitsar og meiner om politikk her. Og vi må stå saman bak dette kravet. Om vi ikkje samlar oss no og seier frå, så risikerer vi ei framtid der jobben vår er ganske vanskelig, og der dei politiske partia blir mindre og mindre komiske og meir og meir fornuftige.

Er det verkelig det vi vil? 

 

Først publisert i Aftenposten 2. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!