Det store spørsmålet kvart år for dei som går siste året på ungdomsskulen, er kva studieprogram ein skal velje. Ifølgje Helene Johansen Vikøren (15) er dette eit viktig val å ta.

Sondre Årethun, medieelev 2mk Sogndal vgs, Sogn Avis
Sondre Årethun, medieelev 2mk Sogndal vgs, Sogn Avis

Fredag 1. mars er siste frist for 10.-klassingane som skal søkje seg inn på vidaregåande skule neste år.

– Det er litt vanskeleg å bestemma seg når det gjeld ei så stor og viktig avgjerd! Det er mykje å velja mellom og det mange jobbmoglegheiter der ute. Valet vil vere med å prega framtida mi, så det er noko eg har tenkt godt gjennom.

Helene ønskjer å gå studiespesialisering på Årdal vidaregåande skule. Dette er noko ho har vald sidan ho ikkje var sikker på kva yrke ho ville ha når ho var ferdig på vidaregåande skule. Med studiespesialisering kan ho velje breiare innan høgare utdanning etter vidaregåande skule.

– Start tidleg

Faget Utdanningsval er eit fag som elevane har på ungdomsskulen. Dette skal hjelpe elevane til å finne ut meir om dei forskjellige studieprogramma dei kan velje på vidaregåande skule. Kanskje elevane burde byrja med dette før?

Jarle Flo, rådgjevar på Sogndal vidaregåande skule, meiner at alt i 7. klasse bør ein byrje å tenkje på kva fag ein likar og kva fag ein er flink i. Det er og viktig å lytte til kva arbeidskraft samfunnet treng i framtida.

– Kort oppsummert må ein ta utgangspunkt i evner og interesse, og vege det opp mot signal får frå arbeids- og næringsliv. Faget Utdanningsval skal vere til god hjelp i dette arbeidet, sjølvsagt i tillegg til kontinuerleg individuell rettleiing, meiner Flo.

For ein 10.klassing er det viktig at han ser føre seg korleis skulekvardagen vil bli på vidaregåande, at eleven ser heilskapen på det aktuelle studieprogrammet med alle aktuelle fag og fagkrav, og at han set skulegangen inn i eit større perspektiv; kva skal han bruke den til i det vidare løpet, seier Flo.

Velje rett

Når ein skal velje ei retning innanfor ei utdanning er det viktig å tenkje seg godt om, slik at ein ikkje kjem på ei linje ein ikkje trivst i.

– Mitt inntrykk er at fleire og fleire elevar kjenner på seg at dei har fått god orientering gjennom faget utdanningsval og særleg ved hospitering i vidaregåande skule. Det meiner rådgjevar på Kvåle skule i Sogndal, Rino Skar.

Han meiner det er viktig å følje både hjartet og fornufta, draumen er ei viktig rettesnor, meiner Skar.

– Eg har tenkt på det eg likar og det eg har lyst til gjera, seier Ingrid Kreken Neset (15) som søkjer Medium og kommunikasjon til hausten. Om ein vel linje ut ifrå interesser og evner vil ein møte andre som er opptekne av det same, og på denne måten vil det verta lettare å få nye vener i klassen.

Motivasjon

– Å velje den rette linja er og viktig for å halde oppe motivasjonen, meiner rådgjevar Jarle Flo. Han får ein del besøk av Vg1 elevar som ikkje er nøgde med valet av linje.

Dei som ikkje trivst med val av linje kan få eit stort fråvær. Det kan igjen går utover skuleprestasjonane.

– Skal ein klare å halde pågangsmotet og skulelysta oppe, er det viktig å velje ei linje der ein ikkje berre trivst, men også er flink. Difor er det også lurt ikkje berre å tenkje på kva ein likar, men også tenkje på kva ein er flinkast i, meiner Flo.

Les meir om yrkesval her!

Y-vegen

Mange høgskular tilbyr opptak med eit fagbrev som grunnlag. Elevane i 10. klasse kan då velje eit yrkesfag på vidaregåande.

Dette gjev større valfridom for dei som til dømes vurderer ingeniørutdanning i framtida.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42
ANNONSE