Folk flyttar frå småkommunane

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldri før har ein så liten del av folket i Noreg budd i kommune med under 2000 innbyggjarar, melder Kommunal Rapport og viser til ferske tal frå SSB.

I heile Noreg auka folketalet med 65 400 i fjor, medan det i dei 94 minste kommunane auka med berre 33 personar til saman. Til samanlikning auka folketalet med 20.800 i Oslo og Akershus.

Fråflyttinga
Aller størst prosentvis nedgang i folketalet hadde kommunane Røst i Nordland, Bykle i Aust-Agder og Utsira i Rogaland, som alle har under 1000 innbyggjarar. Tendensen er den same for svært mange av dei minste kommunane. Men det finst unntak, Gamvik i Finnmark og Rennesøy i Rogaland har størst prosentvis vekst i landet med over 5 prosent – begge kommunane har under 5000 innbyggjarar.

– Når folketalet går ned, kan det gje småkommunane utfordringar i tenesteytinga. Dette må gjerast på nye måtar og interkommunalt samarbeid vert ofte løysinga. Vi ser at omfanget av tenesteyting løyst på den måten aukar, forklarar rådgjevar ved Distriktsenteret, Torbjørn Wekre.

LES OGSÅ: – Fleire burde få augo opp for byen

Manglar dei unge vaksne
Wekre peikar på at sentraliseringstrenden i Noreg er sterk, trass offentlege tiltak og stor innsats i småkommunane sjølve.

– Det mest utfordrande er å gjere seg attraktive for dei unge vaksne. Dei som søkjer høgare utdanning og slik hamnar i større byar, forklarar han. Derfor meiner han noko av det småkommunane treng mest er arbeidsplassar for folk med høgare utdanning.

LES OGSÅ: – Statsetatane treng ikkje liggja i byane

Innvandringa
Den høge folkeveksten i Noreg skuldast i stor grad den rekordhøge innvandringa. Med 47.300 personar, har den aldri vore høgare enn i 2012. Svært mange av dei er arbeidsinnvandrarar frå Polen, Litauen og Sverige. Dette gagnar og folketalet i ein del distriktskommune.

– Her må kommunane utfordrast endå meir på det med inkludering. Arbeidsinnvandrar har til dømes ikkje dei same rettane som flyktingar, men også dei er det viktig at kommunane fokuserar på, slik at dei vert buande, forklarar Wekre.

LES OGSÅ: 6 av 10 blir buande på studiestaden

Offensiv utviklingskultur
I studien ”Suksessrike distriktkommuner”, som kom ut i fjor på oppdrag for Distriktsenteret, såg Telemarkforsking på 15 distriktskommune. Desse vart karakterisert som suksessrike med tanke på bustad og næringsutvikling, trass mindre sentral plassering. I dei nye statistikkane har 10 av 15 av dei framleis auke i folketalet. Der det er nedgang er den stort sett svak, bortsett frå i Bykle, der nedgangen var på 4,2 prosent i 2012.

– Eit fellestrekk ved desse kommunane er ein offensiv utviklingskultur, mellom anna på grunn av sterke med sterke nettverk mellom offentleg og privat sektor. Når desse kommunane har fått gylne sjansar, har dei evna å gripe tak og samarbeida på tvers, avsluttar Torbjørn Wekre.

Kva skal til for å snu trenden, meiner du? Er det på tide å tenkja på kommunesamanslåing?