Flest store hus i vest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om over halvparten av oss framleis bur i einebustad, bur stadig fleire nordmenn bur i blokk. Frå 2001 til 2011 auka talet på blokkleilegheiter med 30 prosent, medan talet på einebustaden berre auka med 4 prosent i den same perioden. Det viser bustadteljinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2011.

Ein av seks nordmenn er blokkbuarar. Veksten i delen blokkleilegheiter var størst i Akershus, Rogaland og Sør-Trøndelag, medan veksten i Oslo var under landsgjennomsnittet.

Oslo er likevel den kommunen i landet som har lågast del einebustader, med berre 10 prosent. Også Bergen og Trondheim har relativt få einebustader, i begge byar er det færre enn 30 prosent.

Av dei som bur i blokk er det flest personar i alderen 20 – 39 år og personar på 80 år og eldre, viser tala frå SSB.

På landsbasis hadde 17 prosent av bustadene eit bruksareal på 200 rutemeter eller meir, og dei fleste av desse ligg i vestlandsfylka Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
32 av dei 42 kommunane som hadde meir enn 30 prosent slike store bustader låg i eitt av desse fylka.