Krev betre undervising mot valdtekt

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev betre sexundervising

– Mellom 8000 og 16000 jenter kvar år vert utsett for valdtekt, dette er eit alvorleg samfunnsproblem. Valdtektene er eit trugsmål mot jenters fridom, seier leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Halse. Nyleg arrangerte organisasjonen ei aksjonsveke mot valdtekt, mellom anna med fokus på førebygging.

Manglande kunnskap om kva som er overgrep og kva eit overgrep kan gjere, at eit nei er eit nei og grensesetjing – er faktorar også andre politikarar og organisasjonen Sex og politikk peikar på. Saman med haldningar og betre seksualundervising.

LES OGSÅ: Éin av ti jenter har opplevd sexovergrep

Skulen
Organisasjonen Sex og politikk arrangerte tidligare i år ”Uke sex” på norske skular, der grensesetting var hovudtema. Dei meiner eit positivt forhold til eigen kropp og seksualitet er viktige faktorar som vern mot overgrep, og at meir kunnskap og høve til å reflektere rundt kva ei valdtekt er i skulesamanheng – kan verke førebyggande.

– Manglande kunnskap om valdtekt, kva som er straffbare handlingar og negative haldningar, bør utfordrast. Skulen er ein arena der ein når mange unge, derfor er det viktig at informasjon vert formidla her, seier kampanjeleiar Gry Stordahl. Og peikar på at organisasjonen arbeider for styrka, kunnskapsbasert og regelmessig seksualundervising. Om valdtekt er nok tematisert i dagens seksualundervising, er dei usikre på.

– Enkelte kompetansemål inviterar til å ta opp tematikken, men om skulane gjer det, er vanskeleg å seie. Generell del av læreplanverket seier at opplæringa mellom anna skal gje elevane god allmenndanning, evna til å reise seg mot overgrep og valdtekt bør derfor vera del av undervisninga. I kva grad den faktisk er det, trur vi er varierande, held Stordahl fram. Samstundes peikar ho på at dei ser etterspurnad frå skulane, og at dei har fått positive attendemeldingar på opplegget i ”Uke sex”.

LES OGSÅ: Klart for sexveke på norske skular

Paradokset
– Til å leve i eit så generelt seksualisert samfunn, har vi eit merkeleg forhold til å snakke om temaet. Det er eit paradoks at alt som har med underlivet verkar vanskeleg å snakke om, forklarar stortingsrepresentant for Høgre André Oktay Dahl. Han meiner dette må sjåast i samanheng med kva kunnskap vi har, om kva eit overgrep er.  

– Ein må kunne snakke om sex på ein normal måte, for at alle skal vite at nei betyr nei og setje eigne grense, held han fram. Og meiner mykje av førebyggingsarbeidet mot valdtekter handlar om haldningar.

– Gode haldningar kan ikkje tryllast fram, arbeidet må byrje i barnehagen, held han fram.

Mangelen på kunnskap hjå ungdom vart og peika på av ei rekkje stortingsrepresentantar i eit innlegg Dagsavisen 31. januar, deriblant FrP-representanten Kari Kjønaas Kjos.

– Mange valdtekter handlar om ei handling utført av ein kjenning eller kjærast. Grensene kan virke uklare, særleg når ein sjølv var med på å flørte og eller kysse, og slik følte ein ”inviterte” til det. Men eit nei skal respekterast umidelbart, alt anna er overgrep og maktmisbruk. Det er viktig kunnskap å gje alle, at din kropp er berre din og at du sjølv set grensene, skriv ho i ein e-post til Framtida.no. Og peikar på at også konsekvensane av valdtekt må kommuniserast til ungdom.

– Eg saknar ei tydeleggjering av kva ei valdekt gjer med den som vert utsett for den. Faktum er at ein person for nokre sekunds eige velvære kan øydelegge ei menneske for livet. Særs mange seier valdtekta har prega og styrt liva deira heile vegen, held ho fram.

LES OGSÅ: Unge trakasserer kvarandre for å få sex

Tilfeldig
Andreas Halse i Sosialistisk Ungdom trur det førebyggande haldningsarbeidet mot valdtekt skulen kan skje i fleire fag, men at dagens seksualundervising ikkje er god nok. 

– Den er for teknisk, og det er for tilfeldig kor mykje informasjon elevane får om til dømes grensesetjing. ”Uke sex” har eit veldig godt fokus, og viser at bevisstgjering i skulen er mogleg. Men tematikken må sterkare inn i læreplanane, seier Andre Halse.

Også dei andre politikarane Framtida.no har vore i kontakt med, meiner det må skje endringar i dagens seksualundervising.

– I 2013 er undervisninga ikkje mykje betre enn då eg gjekk på skulen. Den vert gjeve på ein gammaldags måte, det gjeld ikkje berre overgrep, men og i forhold til kjønnssjukdommar eller homofili. Lærarane må byrje snakke om temaet på ein open og god måte, seier Andre Oktay Dahl.

Kari Kjønaas Kjos peikar på at seksualundervisinga bør bli gjeve av andre enn læraren ein har til dagleg.

– Det er ikkje gitt at mattelæraren eller engelsklæraren greier å gje god kunnskap. Det er ei kjennsgjerning at det kan opplevast som flaut og lite konstruktivt at nett denne typen undervisning skjer i regi av ein lærar du har til dagleg.    

Viljen
– Vi meiner det er den politiske viljen det står på. Som med alle andre gode formål kostar arbeidet mot valdtekt pengar. Men jentene som vert utsette for dette er dei aller svakaste, seier Andreas Halse  Han peikar på at den føreslegne endringa av valdtektsparagrafen, som no er ute på høyring, som veldig positivt.

– Lovendringa vil utgjere ei viktig klargjerande grense. Det skal halde å seie nei, og dette vil hjelpe jenter som er usikre på kva dei har opplevd. For ei valdtekt er alltid overgriparen si skuld, avsluttar SU-leiaren.

Kva meiner du bør gjerast for å redusera talet på kvinner som blir valdtekne?