Hausten 2012 vart "Kahoot!" for første gong tatt i bruk under forelesingar i datafag på Gløshaugen. No spreier spelet seg som eld i tørt gras.

William Tisdall, Dusken
William Tisdall, Dusken

Det er 5 minutt igjen av forelesinga. Forelesaren deler ut ein PIN-kode som studentane tastar inn på smarttelefonar, nettbrett og datamaskinar. Deretter startar ein quiz som summerer opp dagens pensum, der alle i salen engasjerer seg. Svaralternativ dukkar opp på skjermen, og det blir svart via mobilen. Dei kjappaste får flest poeng.

Professor i spelteknologi ved NTNU, Alf Inge Wang, er ein av hovedpersonene bak kunnskapsspelet "Kahoot!".

– Det starta med ein idé eg hadde i 2006. Eg pleidde å avslutte forelesingar med ein spørrekonkurranse, der eit par elevar fekk kome opp og svare på spurnader. Dei fekk spørje publikum om hjelp, men eg ville at alle i salen skulle vere med, fortel Wang.

LES OGSÅ: Dataspel kan kutta skulen med to år

Bryt isen
I fjor haust avgjorde Mobitroll, som er eit samarbeidsprosjekt mellom NTNU og det britiske selskapet We Are Human, seg for å gjere det skikkeleg, og lage eit ordentleg, kommersielt produkt. Grafikarar og ekspertar på brukervennlegheit vart involvert, og samstundes byrja Wang å inkludere «Kahoot!» i undervisinga si. Sidan har teknologien blant anna vorte brukt av fleire forelesare på NTNU og til opplæring av tilsette hos IKEA.

– "Kahoot!" bidreg sosialt ved å bryte isen i ein elles stille forelesningssal. Dessutan får alle studentane testa kunnskapen sin. I tillegg får foreles òg umiddelbar tilbakemelding på der godt han har formidla viktige poeng, seier Wang.

Magnus Johansen går førsteåret på indøk. Han har sidan hausten hatt fleire emne der forelesaren har nytta seg av "Kahoot!".

– Eg synest det er eit veldig bra konsept, og det er skreddarsydd for forelesingar. Det kan bli litt tull med det same stemninga i salen lausnar, men eg trur dei aller fleste får meir utbytte av forelesingane med «Kahoot!», seier Magnus.

Han er positiv til at fleire forelesarar tek i bruk spelet i undervising av emne der pensum kan tilpassast formatet.

LES OGSÅ: Dataspel skal vekke realfagsinteresse

Drøymer om Bill Gates
I løpet av dei siste 6 månadene har "Kahoot!" mottarr til saman 3,5 millionar kroner i støtte til vidareutvikling. Dessutan har dei vorte nominert som ein av ti «startup»-føretak til SXSWedu, ein konferanse i Texas der selveste Bill Gates skal delta. Her satsar "Kahoot!" på å hauste endå meir internasjonal merksemd.

– Berre det å bli nominert til SXSWedu i seg sjølv er stort, og tyder mykje for framtida til "Kahoot!". Draumen hadde jo vore å få Bill Gates som ein brukar, då hadde mykje vore gjort, seier Wang.

Les saka i Dusken.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE