Passivhus kan vere billegare enn trudd før

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Passivhus kan vere billegare

Det viser ein ny rapport frå Multiconsult og Sintef Byggforsk, skriven på oppdrag frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).

Ein einebustad på 100 m² kan få ein meirkostnad på 80.000 kroner, i motsetnad til tidlegare overslag på 150.000 og 120.000 kroner. Rapporten hevdar også at meirkostnaden ved å byggje ein einebustad som passivhus kan vere tent inn etter 12 år, grunna lågare energiutgifter, skriv Kommunal- og regionaldepartementet i ei pressemelding.

– Tala tyder på at energieffektive passivhus er meir lønsame enn antatt. Det er positivt! Rapporten gjev eit grunnlag for vidare arbeid med framtidas energikrav, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Rapporten kjem til å bli ein del av grunnlaget for dei varsla endringane av byggjeregelverket.

Kva meiner du? Bør det bli påbode å byggja passivhus?

Faktaboks

Passivhus er hus som er laga slik at dei treng mykje mindre energi enn vanlege hus. Energibehovet er berre kring ein fjerdel eller mindre enn tradisjonelle bustader.

Les meir om passivhus på Wikipedia!