Trur kommunen kan hindre fråfall

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at Fylkestinget i Hordaland vedtok å leggje ned Bergen Handelsgymnasium (BHG), har debatten om kven som skal eige og bestemme over dei vidaregåande skulane auka i Bergen.

Frølich og Høgre har tatt til orde for at Bergen kommune bør overta dei vidaregåande skulane i kommunen. Frølich trur kommunale eigarar av vidaregåande skular kan vere med å redusere talet på elevar som droppar ut.

Betre informasjonsflyt
– Den mest kritiske perioden i ein elev sitt skuleløp, er nettopp overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule. At informasjon som ungdomsskulen då sit på, kjem vidare til den vidaregåande skulen, er uhyre viktig, seier Frølich.

Han påpeikar at det ofte vert kommentert at dei vidaregåande skulene ikkje har nok informasjon om elevane, og at ein samanhengande skulestruktur her kan hjelpe. 

 – Eg trur ikkje det finst nokon mirakelkur for å få ned fråfallet i den vidaregåande skulen, men eg trur dette kan vere ein av fleire faktorar til å redusere fråfallet, seier Frølich.

Vil legge ned fylkeskommunen
På Høgre sitt landsmøte i mai vil det verte avgjort om partiet vil gå for å få dei vidaregåande skulane over på kommunale hender så fort som rå er. Høgre har allereie vedteke at dei ynskjer å leggje ned fylkeskommunen.

– Å avvikle heile fylkeskommunen vil ta fleire år. På kort sikt håpar eg at vi kan vere i gang med prøveprosjekt der kommunar overtek vidaregåande skular allereie eitt år etter valet, seier Frølich.

Skulebyråd Ragnhild Stolt-Nielsen (H) i Bergen kommune seier til Bergens Tidende at målet i fyrste rekkje er å få fylkeskommunen med på å bygge ein kombinasjonsskule for 13 til 19-åringar.