Krev styrkt etikkråd

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke demonstrerte Changemaker for eit meir etisk oljefond. No krev sentralstyret til AUF at oppfølginga av investeringane til oljefondet blir betre.

– AUF vil alltid setja grunnleggjande etiske normer framfor økonomisk vinning. Når åtte personar skal kontrollera investeringar i meir enn 8000 selskap risikerer me å trakka feil, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

For vel tre veker sidan vart kjent at Oljefondet og eit sørkoreansk stålselskap, Posco, fondet investerer i, er klaga inn for brot på OECD sine retningslinjer for ansvarleg næringsliv.

LES OGSÅ: Ber Giske å setja ned stigen

Små ressursar
Etikkrådet i Statens Pensjonsfond Utland, det såkalla oljefondet, skal føra tilsyn med selskapa som fondet investerer i og forsikra om at desse ikkje bryt med dei vedtekne etiske retningslinjene. Oljefondet har i dag meir enn 8000 selskap i porteføljen sin. Rådet består av eit sekretariat på berre 8 personar. Budsjettramma for arbeidet deira er 11,6 millionar kroner. Med dagens ressursar maktar rådet berre å kontrollera ein brøkdel av dei involverte selskapa.

– AUF meiner det er positivt at Noreg investerer oljeinntektene med mål om avkastning. Det er likevel like viktig at me ikkje investerer pengane i selskap som bryt med grunnleggjande etiske normer. Skal etikkrådet klare å hindra dette må dei òg få meir ressursar. Det hjelper ikkje å seia at me er verdsmeistrar på etiske regelverk når me ikkje tek oss råd til å følgja dei, avsluttar Pedersen.

LES OGSÅ: Krev meir moral frå eiga regjering

Changemaker la i haust fram ein rapport over etikken til oljefondet. Der er det lista opp fleire døme der Finansdepartementet har brukt lang tid å vurdere saker om å trekke investeringar i selskap som ikkje blir påverka av det aktive eigarskapet. Fem gonger har departementet brukt over eitt år på å vurdere sakene.