EU vurderer straff mot Google
Europeiske datatilsyn reagerer på at internettgiganten Google ikkje klarer å rette seg etter personvernlovene til EU.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Datatilsyna i fleire europeiske land ønskjer no å setje i verk tiltak mot Google, som over tid ikkje har oppfylt personvernlovene til EU.
I oktober åtvara dei Google mot at dei nye personvernreglane til selskapet ikkje var i samsvar med lovene til EU og gav selskapet fire månader på å rette opp dette.
No risikerer Google søksmål frå dei europeiske tilsyna.
Ifølgje det franske datatilsynet CNIL planlegg dei europeiske tilsyna å sette ned ei arbeidsgruppe for å samordne kva for tiltak som skal setjast i verk for å få Google til å endre reglane. Dei vil møtast allereie i neste veke, og arbeidet skal vere klart før sommaren.
LES OGSÅ: Microsoft overvaker deg
Google kom med nye personvernreglar i mars 2012. Dei nye retningslinjene lèt blant anna selskapet spore brukarar over ulike tenester for å kunne utvikle meir målretta reklame. Dette blei gjort trass i skarp kritikk både frå USA og Europa.
Google gjentok måndag at retningslinjene til selskapet overheld europeisk lov. (©NPK)