Meir vaksne enn dei vaksne

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det syner ei analyse av meir enn 300 nominerte Amandus-filmar frå dei 25 siste åra, gjort av forskar Jo Sondre Moseng ved Høgskolen i Lillehammer og stipendiat Håvard Vibeto ved Høgskolen i Hedmark.

– Ungdom lagar film om det dei har lyst til, og det er veldig mykje, seier Vibeto. Han nemner etevegring, eldreomsorg, kjærleik, klimaendringar, snowboard og hest, som noko av det Amandus-filmane har handla om.

LES OGSÅ: Veksesmerter i film-Noreg

Utviklinga
– Rammene rundt har nok påverka kva ungdommane har laga film om. Både med at dei nominerte filmane vert vurdert av ein vaksen jury, og at mange av filmane har vorte laga i skulesamanheng eller på filmverkstader med vaksne involvert, forklarar Vibeto. Samstundes fanga analysen opp fleire utviklingstrekk, både i teknikkar og val av tema.

– På 80 og 90-talet vart det laga mykje kortfilm som likna fiksjon. Detektivinspirasjon,  skrekkfilmar og litt action, forklarar Vibeto. Samstundes peikar han på at filmane var prega av at ungdommane hadde fått klippehjelp og anna teknisk assistanse av vaksne.

Utover på 90-talet kom dokumentarane sterkare – med politiske tema, som multikultur og miljøproblem, noko som framleis pregar filmane. Amandus fekk òg ein eigen dokumentar-kategori, som bidrog til å styrkje sjangeren.

– Frå 2000-talet har vi sett at filmane har vorte meir intime og poetiske. Dette har nok samanheng med reality-bylgja. Ungdomar brukar Amandus for å seie noko om menneske, samfunn og seg sjølve, og dei er ikkje redde for å vera personlege, held Vibeto fram.

Humor og ekstremsport
– Humor er veldig viktig for mange ungdommar som lagar film. Ein kan tulle med mykje, gjerne heile tida – om alt frå eldreomsorg til kjønnsrolle, forklarar Vibeto. Han peikar på kamera som allemannseige og ny teknologi, har gjort det lettare for ungdom å leike og eksperimentere med film, i både vinklar og klipping. Det vert det meir humor av.

Leikinga syner seg og i fleire ekstremsportfilmar – ski, snowboard og skateboard-filmar har fått stor utbreiing dei siste åra.

LES OGSÅ: Fekk jobb etter Titanic-suksess

Rein kjærleik
Amandus-filmane er ikkje som ”ungdomsfilmane” laga av vaksne, sjølv om tema som kropp og slanking kan overlappe, er både vinklar og tema ulike.

– Det er ein del ”ungdomsfilmtrekk”, problematisering og konflikt av tema som alkohol, sex og mobbing. Desse ungdomsfilmane har og vore veldig opptekne av outsiderane. Der er ikkje ungdommane sjølve, forklarar Vibeto. For medan norske ungdomsfilmar som Bare BeaYatzy og Tommys inferno er seksualiserte og direkte, syner ungdomanes versjon ein meir rein kjærleik. 

– Det er romantisk og ein held kvarandre i handa, forklarar Vibeto. Han trur forklaringa både kan vera at filmane er laga i skulen, at ungdommane må spela sjølve og dei veit at filmane skal vurderast av ein vaksen jury. Også det store aldersspennet i ungdomsgruppa kan vera medverkande.

LES OGSÅ: Konservativ og mjuk-pornografisk

Inspirasjonen
Ungdommar handsamar og tema, som ”ungdomsfilmane” ikkje tek opp. Spesielt når det kjem til hobbyar – hest, dansing og tagging. Likevel hentar ungdommane gjerne inspirasjon frå filmar dei ser.

– Etter Matrix kom det mange filmar som prøvde å skape ei virituel verd. Scream-filmane  gjorde at mange fekk lyst til å lage skrekkfilm, forklarar Vibeto.

Likevel er vald noko som har vore fråverande i dei nominerte Amandus-filmane.

LES OGSÅ: Anders + Amandus = sant

Politisk korrekte
– I dokumentarane har ungdommane ein nærast journalistisk stil. Angrep dei til dømes slankepress, gjer dei det gjerne slik. Men eit generelt inntrykk er at ungdommane er veldig politisk korrekte, nærast meir vaksne enn dei vaksne. Dei er ikkje redd for det seriøse, seier Vibeto. Han understrekar at det er nominerte filmar dei har sett på, og at bilete av ungdomsfilm kan vera meir fragmentert om ein ser på filmar som ligg ute på Youtube og bloggar.

– Norske ungdommar lagar film om det dei har lyst til, og dei gjer det stadig betre.  Amandus-filmane ser rett og slett betre ut, avsluttar Håvard Vibeto.

GÅ TIL FILM-SIDENE VÅRE!

Buckle up! vart beste ekstremsportfilm i 2011, ein stadig meir populær kategori:

Skuggeprinsen frå 2011, peikar Håvard Vibeto som eit døme på at filmane ofte framstiller uskylidg kjærleik.

Faktaboks

Amandusfestivalen:
• Årleg filmfestival for ungdom opp til 20 år på Lillehammer.
• Vart arrangert for fyrste gong i 1987.
• Deler ut prisar i kategoriane: fiksjon, ekstremsport, dokumentar, animasjon, beste musikkvideo, beste manus, fagpris(ulike kategoriar som lyd), publikumspris og juniorpris(for ungdom under 14 år)

 

Les heile analysen her!