Kulturhistorisk Museum pitcha si utstilling kring Alexander den Store slik: ”Konge av Makedonia, fryktingytande sigerherre og erobrar av verden. Helt eller psykopat?” Etter å ha sett den filmatiske historia? Jammen ikkje godt å seie...
Den legendariske kongen vart æra for å vere den fyrste som tok Austen til Vesten (ikkje ulikt ein viss annan stormannsgal imperialist i USA.) Men meir idealistisk korrekt ynskja han seg eitt rike med eitt styre kor alle kunne reise fritt. Dette kravde sjølvsagt mykje slåssing, invasjonar, lange felttog og blodige slag. Oliver Stone bruker då også største delen av sitt tretimarlange filmepos på halsbrekkande og storslagne framstillingar av nettopp dette.
Men på samme måten som i ”Troja” vert me tekne med på ein underliggande psykologisk Odyssé i heltens sitt sinn – og det er vel dette som skal fylle filmen med eit innhald som gjer at dei endelause kamptalane får ei djupare meining enn ”Vi er menn, vi er heltar, vi vil slåss, vi vil vinne og bli størst i heile verda!”. Eventyraren og det militære geni Alexander er så vitterleg ein mastercase for einkvar som har høyrt om Freud.
Allereie som sjuåring identifiserer han seg med dei største gudane i gresk mytologi (for så vidt ok sidan ein som konge på den tida vart rekna som son av Zevs), men like fullt vitnar det vel om eit uanstendig stort ego som før eller sidan vil føre han for nær sola.
Med eit ærgjerrig hatred love-forhold til far sin og eit komplekst ødipalt forhold til den overbeskyttande mora, samt ei openberr homofil legning seier det seg sjølv at denne karakteren har nok av underbevisste straumar som skrik etter analyse. Berre så synd at det i filmen vert like filosoferande sytete som ei egosentrisk venninne med broka kjærleiksliv og fersk stryk på ex.phil.
Midtvegs i freistnaden på å oppvise Alexanders rise and fall får vi altså som tilskodar nok av den store kongen. Jada, det må vere vanskeleg å vere så til dei grader ambisiøs! Og då er det ein og ein halv time igjen av filmen. Det hjelper ikkje akkurat at Colin Farrel er fødd med augebryn som går bekymringsfullt nedover i evig liding. På samme måten får vi nok av den noko sprikande moralen i den gamle kampfellens (Anthony Hopkins) oppsummerande memoarar frå Alexanders liv. Helt eller psykopat? Frankly; I couldn’t care less...
Ein alt for lang film om ein alt for stor konge:
Framtida
Publisert Oppdatert 01.01.2018 18:01
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kulturhistorisk Museum pitcha si utstilling kring Alexander den Store slik: ”Konge av Makedonia, fryktingytande sigerherre og erobrar av verden. Helt eller psykopat?” Etter å ha sett den filmatiske historia? Jammen ikkje godt å seie…
Den legendariske kongen vart æra for å vere den fyrste som tok Austen til Vesten (ikkje ulikt ein viss annan stormannsgal imperialist i USA.) Men meir idealistisk korrekt ynskja han seg eitt rike med eitt styre kor alle kunne reise fritt. Dette kravde sjølvsagt mykje slåssing, invasjonar, lange felttog og blodige slag. Oliver Stone bruker då også største delen av sitt tretimarlange filmepos på halsbrekkande og storslagne framstillingar av nettopp dette.
Men på samme måten som i ”Troja” vert me tekne med på ein underliggande psykologisk Odyssé i heltens sitt sinn – og det er vel dette som skal fylle filmen med eit innhald som gjer at dei endelause kamptalane får ei djupare meining enn ”Vi er menn, vi er heltar, vi vil slåss, vi vil vinne og bli størst i heile verda!”. Eventyraren og det militære geni Alexander er så vitterleg ein mastercase for einkvar som har høyrt om Freud.
Allereie som sjuåring identifiserer han seg med dei største gudane i gresk mytologi (for så vidt ok sidan ein som konge på den tida vart rekna som son av Zevs), men like fullt vitnar det vel om eit uanstendig stort ego som før eller sidan vil føre han for nær sola.
Med eit ærgjerrig hatred love-forhold til far sin og eit komplekst ødipalt forhold til den overbeskyttande mora, samt ei openberr homofil legning seier det seg sjølv at denne karakteren har nok av underbevisste straumar som skrik etter analyse. Berre så synd at det i filmen vert like filosoferande sytete som ei egosentrisk venninne med broka kjærleiksliv og fersk stryk på ex.phil.
Midtvegs i freistnaden på å oppvise Alexanders rise and fall får vi altså som tilskodar nok av den store kongen. Jada, det må vere vanskeleg å vere så til dei grader ambisiøs! Og då er det ein og ein halv time igjen av filmen. Det hjelper ikkje akkurat at Colin Farrel er fødd med augebryn som går bekymringsfullt nedover i evig liding. På samme måten får vi nok av den noko sprikande moralen i den gamle kampfellens (Anthony Hopkins) oppsummerande memoarar frå Alexanders liv. Helt eller psykopat? Frankly; I couldn’t care less…
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.