Anders + Amandus = sant

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amandusfestivalen på Lillehammer 19.-21. mars har fokus på barn og unges kortfilmproduksjon. Og det er ikkje småtterier Kvammen Amdal og hans jury skal jobbe seg gjennom.

– I fjor var det heile 198 bidrag som blei sendt inn. Heldigvis har dei sett ei maksgrense på fem minuttar per film, men me snakkar nok om ei solid dose med filmar som skal vurderast når me i juryen møtest i Oslo om ein månad. Eg gleder meg stort, seier Kvammen Amdal.

LES OGSÅ: Filmvår med kjærleik og nåde

16-åringen er glad i film og ser gjerne for seg ein jobb i filmbransjen i framtida. Nå er han elev ved media og kommunikasjon på Vardafjell.  

– Eg er kanskje i overkant opptatt av film, og kortfilmar er spennande. Eg reknar med at det vil vere mykje bra i dei fleste klassane me skal vurdere. Å bli plukka ut som ein av to ungdommar i juryen ser eg på som både spennande og utfordrande. Heldigvis er det ein del rutinerte folk frå filmbransjen som skal vere med, sjølv om me ikkje har fått dei namna ennå, seier 16-åringen.

Les saka i Tysvær Bygdeblad!