– Vi må klare å inkludere dei som kjem seg ut av rusmisbruket, meiner forskar bak omfattande russtudie.  

Forskarar ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) har fulgt nær 500 rusmisbrukarar i behandling over ti år. Det er første gong det har vore gjort ein slik studie i Noreg og forskarane meiner den gjev grunn til optimisme.

Skuggesida
Klientane i studien vart intervjua då dei byrja i behandling, og fire gongar til i laupet av dei ti åra. Dei var frå 15 til over 40 år, og var rekruttert frå 20 behandlingstiltak i østlandsområdet. Tiltaka representerte dei viktigaste behandlingstypane i Noreg, frå langtids døgntiltak og spesialiserte polikliniske einingar, til legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Femten prosent av dei 500 klientane døydde i laupet av dei ti åra. Av desse døydde nær 70 prosent av overdoser.

– Dødelegheita er skuggesida av studien. Den tilsvarer andre studier vi kjenner til, seier Grethe Lauritzen, som er forskar ved SIRUS og prosjektleiar for studien.

– Men med bakgrunn i den vanskelege oppveksten mange rusmisbrukarar har hatt, meiner vi studien utover dødelegheita syner fleire positive tendensar, seier ho.

Mindre rus, meir arbeid
Blant dei positive funna var at bruken av alle rusmidlar gjekk ned hos klientane over tid.  

– Heroinbruken gjekk radikalt ned. Ein del av forklaringa ligg i at mange av heroinbrukarane har gått over i LAR, men også for dei som ikkje gjekk i LAR gjekk bruken ned, fortel Lauritzen.

Studien syner at bruken av lettare rusmidler, som cannabis og roande medikament, går ned medan klienten er i behandling. Men etter behandling aukar bruken på ny.

– Cannabis og roande medikament kan vere det vanskelegaste å slutte med, seier forskaren. Samstundes vart kriminaliteten redusert. Særleg gjaldt det sal av narkotika og vinningskriminalitet.

– Det stadfestar at slik kriminalitet i stor grad heng saman med eige misbruk for dei som er med i studien, seier Lauritzen.

Også delen som var i inntektsgjevande arbeid auka til kring ein tredel etter ti år. Ein langt større del av gruppa var uføretrygda enn då studien starta. Dermed var det ein sterk nedgang i sosialhjelpytingar. I tillegg hadde bustadtilhøva forbetra seg, og sju av ti var ved slutten av studien nøgde med eigen bustadsituasjon.

LES OGSÅ: Rusavhengige hjelper kvarandre ut

Mange er einsame
Ved slutten av studien oppgav stadig fleire av klientane at dei var meir saman med familie som ikkje brukte rusmiddel. Å få rusfrie vener utanom familien verka langt vanskelegare å få til.

– Mange er mest åleine, sjølv om dei har slutta å ruse seg. Dei slit med å bli integrert i rusfrie nettverk. Dette bør vere ei oppmoding til oss alle om å strekkje oss ut til dei som har klart å redusere misbruket og bli rusfrie, seier Lauritzen. 

Psykiske vanskar vedvarer
Over halvparten av dei som var med i studien vaks opp i heimar der dei opplevde rusmiddelvanskar, psykiske vanskar eller begge deler hos ein eller begge foreldra. Mange fortalde om emosjonell forsømming og vald.

 – Mellom 60 og 70 prosent av rusmisbrukarane hadde hatt store lære- og åtferdsvanskar i grunnskulen og mange har inga eller låg utdanning. Dette er risikofaktorar for seinare problemutvikling og mange slit med psykiske vanskar, som angst, depresjon og konsentrasjonsvanskar, fortel prosjektleiaren.  

Klientane i studien var mindre plaga av desse vanskane undervegs i behandlinga. Men då dei kom ut av behandling, auka vanskane på ny. Også for dei som haldt fram med LAR.

– I den gruppa vi har fulgt har ikkje det å komme i LAR hjelpt på psykiske vanskar. Dei psykiske problema kan vere både ei årsak til og eit resultat av rusmisbruk, fortel Lauritzen.  

LES OGSÅ: Mest rusmisbruk utanfor storbyane

Langsiktig behandling
Prosjektleiaren meiner funna understrekar at rusbehandling er tidkrevjande.

– I dag skal alt gå veldig fort. Ein reduserer behandlingstida og vil at kommunane skal ta over hjelpetiltak. Då må vi vere klare over at rusbehandling ofte er langvarig arbeid, og kommunane må vere rusta til dette.

Ifølgje Lauritzen gjev ikkje studien grunnlag for å avgjere om LAR er den beste behandlinga for tunge rusmisbrukarar, men ho peikar på at meir enn 50 prosent av alle som vart intervjua etter ti år då hadde valt å bli verande i LAR.

– Poliklinisk behandling ser ikkje ut til å vere nok for dei som slit med tung heroinbruk, medan vi  ser  at kriminaliteten, den tunge heroinbruken og dei ikkje-fatale overdosene går ned under LAR, seier Lauritzen. Når det kjem til døgntiltak for unge rusmisbrukarar, som mellom anna ungdomskollektiv, er forskaren positiv.

– Mange kjem inn i døgntiltaka når dei er unge, med store lære- eller åtferdsvanskar, kriminaliteten er høg, og cannabis- og amfetaminbruken er stor. Gruppa er svært belasta. Mange tek del i eit intensivt toårig behandlingsopplegg, som så vert fasa ut med poliklinisk behandling. Trass i det belasta utgangspunktet går det bra med mange. Dermed ser vi at eit langvarig behandlingsopplegg, der klientane får hjelp døgnet rundt , omsorg, skuletibod, og oppfølging på mange område verkar å vere spesielt viktig.  

LES OGSÅ: Erna vil satse mei på førebygging

Lauritzen meiner skulane spelar ei viktig rolle i å oppdage problem hos barn og unge tidleg.  

– Skulen er ein unik observasjonsarena. Dersom lærarar får betre opplæring i å sjå utsette  born og har andre hjelpeprofesjonar tett inntil seg , så vil dei  kunne vere ein førebyggjande innsats som er utruleg viktig for borna og for samfunnet. Ho peikar mellom anna på å styrke yrkesfagutdanningar, med støtte og hjelp til dei som er i faresona.  

– Vi har masse å tene på å hindre at born opplever nederlag i skulesystemet, seier Laurtizen. 

Les heile studien her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE