Minst to av tre kan mista odelsretten
Odelslovforslaget til regjeringa kan føra til at minst to av tre mistar odelsretten, ifølgje Bondelaget. Jusprofessor spør om forslaget kan vera i strid med Grunnlova.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sende i januar eit forslag om å avgrensa odelsloven ut på høyring. Barn, barnebarn og søsken av noverande eigar av gardsbruket skal framleis ha odelsrett, men fetrar, kusiner, nieser og nevøar vil i hovudsak mista odelsretten, skriv Nationen.
Ifølgje advokat Erlend Stabell Daling i Norges Bondelag vil forslaget gi ei stor innskrenking i odelskrinsen om det blir vedtatt i Stortinget.
– Forslaget kan utvilsamt raskt føra til at to av tre som har odelsrett til ein gard, vil mista denne retten, seier Daling til Nationen.
LES OGSÅ: Uklart kven som eig utmarka
Professor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo stiller spørsmål ved om innskrenkinga av odelskrinsen er så stor at den grunnlovsfesta odelsretten er i ferd med å bli tømt for innhald.
– Ei kvar innskrenking må balanserast mot kravet om ikkje å gå for langt i å tømma paragrafen for innhald. Omfanget til odelsretten er alt sterkt innskrenka gjennom fleire tidlegare lovendringar om endra arealgrenser og anna, seier han.
Innskrenkinga av odelsretten skal ifølgje regjeringa gjera det enklare for bønder å kjøpa tilleggsjord og opna for at fleire eigedommar blir lagt ut for sal. Norges Bondelag har sendt forslaget ut på høyring i organisasjonen og førebels ikkje tatt stilling til forslaget. (©NPK)