Uklart kven som eig utmarka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utmarka her i landet blir sett på som stadig viktigare, men mange stader er det vanskeleg å finna ut kven som eig eigedommane. Verst er det å få oversikt over eigedomstilhøva på Vestlandet, viser ny forsking.

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har Norsk institutt for Skog og landskap saman ned Statistisk sentralbyrå for første gong prøvd å finna ut av kven som eig utmarka her i landet.

Til saman har forskarane analysert 372.300 eigedommar og enkeltteigar over fem dekar i heile landet. I over elleve prosent av areala finst det ikkje kartinformasjon om kven som eig desse.

LES OGSÅ: Kraftig nedgang i jordbruksareal

Verst på Vestlandet
Det er likevel store fylkesvise skilnader. Medan eigedomstilhøva på Austlandet og Finnmark er godt oppdaterte i matrikkelen, det vil seia det offisielle eigedomsregisteret i Noreg, er det ofte vanskeleg å finna ut kven som eig utmarka på Vestlandet.

– I Sogn og Fjordane har nesten 46 prosent av arealet ukjent status i matrikkelen. I Hordaland er denne delen på litt over 29 prosent. Det same er tilfellet i Møre og Romsdal der eigedomstilhøva er uklare i 23 prosent av tilfella, seier prosjektleiar Linda Aune-Lundberg frå Skog og landskap til Nynorsk pressekontor.

– Dette er fjellområde som tradisjonelt ikkje har hatt stor økonomisk verdi. For utmarka finst det klare grenser i eigedomskartet, medan område høgare oppe har blitt forsømt.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Finst eigarar
– Det er likevel ikkje slik at desse områda ikkje har eigarar, men eigarane er ukjende i matrikkelen, understrekar ho.

Det betyr at det ikkje finst kartgrenser for kven som eig dei ulike områda.

– Ofte står det berre i teksten at grensa gjeld til bekken, elva eller opp til steinen. Andre stader er det berre sett opp landemerket i terrenget. Det trengst difor ein del nøstearbeid for å dra opp grensegangane, seier ho.

Håpar på oppfølging
– For å retta opp i dette må det setjast i gang eigne prosjekt. Vi håpar at vi har løfta opp eit problem som Kartverket og kommunane kan følgja opp for å finna av kven som eig utmarka desse stadene, seier Linda Aune-Lundberg. (©NPK)