Kvoterande database vil berre ha dei beste
Alt du treng for å bli medlem, er ein gjennomsnittskarakter på B, og utdanning innan dei «viktigaste» fagfelta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil berre ha dei beste
Norexcellence er ein database som gjer det mogleg å registrere cv-en sin. Dette er for å gjere det enklare for arbeidsgiverar å finne kvalifiserte studentar. For å kunne registrere seg her må ein ha ha minst B i gjennomsnittskarakter, og ha utdanning innan markedsføring og ledelse, teknologi, økonomi eller jus.
Mangel på kompetanse
Anders Glorvigen ved Norexcellence AS ynskjer å samle alle dei beste studentane på ein plass. Han fortel at dei har fått positiv respons frå både «hodejegerer» og kvalifiserte studentar.
— Ein merkar at det er mangel på kompetanse i næringslivet, og at det difor er positivt å få samla alle i ein database. På denne måten vert det enklare for arbeidsgiverar å finne kandiatar for ein eventuell jobb.
Nestleiar ved Norges studentorganisasjon, Anders Almås Christiansen trur at det kan vere eit stort feilgrep å kun la dei «beste» studentane bli medlemmar.
Å kun tillate dei med høgaste karakterar er ikkje nødvendigvis ein god idé. Det er svært mange dyktige studentar som får eit lavare snitt, men har betre personelige egenskapar å stille opp med, og dermed i bunn og grunn er betre kvalifisert for jobben, seier Almås Christiansen.
Mest attraktive
Glorvigen meinar at det er størst behov for studentar innan dei spesifiserte felta.
— Det er desse studentane som er attraktive i næringslivet, og målet vårt er å knytte eit nærmare bånd mellom arbeidsgiverar og dei dyktigaste studentane i landet.
Vidare meinar han at i nokre yrker er det viktigare med personelige egenskapar enn karakterar.
— Det er ikkje like stort behov for at lærarar, sjukepleiarar og dei med humanistisk utdanning har gode karakterar. Dei som jobbar innan desse yrka, vert i større grad valt ut basert på personelige egenskapar, framfor karakterar.
Almås Christiansen meinar at det er svært viktig å påpeike at folk utan det høge snittet kan gjere ein minst like god jobb, og kan utrette mykje bra i framtida. Han håpar at framtidige studentar veljer utdanning basert på interesser, framfor å høyre på kva andre personar meinar er dei viktigaste utdanningsfelta.