– Politikken er for kortsiktig

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha eige framtidsombod

Føresetnaden for ein berekraftig og langsiktig politikk er at den tek omsyn til generasjonane som kjem etter oss. Dette omsynet meiner organisasjonen Spire at ikkje blir ivaretatt i dag. Deira løysing er å etablera eit framtidsombod.

– Me ser heilt tydeleg at politikarane er avhengige av popularitet. Difor tenkjer dei meir på å tilfredsstilla ynskja til folk og behov i dag, enn å tenkja på framtida. Men me treng ein balanse som gjer at omsyn til framtidige generasjonar blir ivaretatt samstundes som me gjer det som er rett for menneske som lever no, seier ungdomsorganisasjonen Spire sin kampanjeleiar Siv Maren Sandnæs.

Nøytral stemme
– Me treng ei nøytral stemme i debatten om framtida. Både når det gjeld Perspektivmeldinga og saka om oljeboring i Lofoten er det viktig å ha ei nøytral stemme når det er snakk om framtidige konsekvensar, seier ho til Framtida.no.

Men ikkje berre i olje- og energipolitikken meiner ho det er det trong for nokon som vil sjå på dei langsiktige konsekvensane.

– Både når det gjeld transport- og bustadpolitikk har avgjerslene i dag konsekvensar langt fram i tid, understrekar Sandnæs.

Ho ser for seg at framtidsombodet kan arbeida på same måte som Barneombodet. Det behandlar klager frå folk og følgjer med på debattar og reiser eigne saker som dei meiner er viktige.

LES OGSÅ: – Sit igjen med reell frykt for framtida

Låner miljøkapital
Sandnæs viser til at Gro Harlem Brundtland, kvinna bak omgrepet berekraftig utvikling, har peikt på at me låner miljøkapital frå framtidige generasjonar utan tanke på, eller høve til, å betale tilbake.

– Problema me skaper i dag, skyv me føre oss. Framtidige generasjonar er dei som må ta rekninga for vala våre i dag. Det er svært problematisk at dei som må kjenna på konsekvensane ikkje har talerett. Slik sett meiner me at etterkomarane våre er ei spesielt sårbar gruppe som treng eit talerøyr og ein institusjon som kan snakka på deira vegne, seier Siv Maren Sandnæs.

Tanken om eit framtidsombod er ikkje ny. Under FN-konferansen for berekraftig utvikling i fjor, Rio+20, fremja sivilsamfunnet kravet om ein internasjonal høgkommissær for framtidige generasjonar. Den norske regjeringa var blant dei som tydeleg støtta ungdomane i dette kravet.

– No er det på tide at regjeringa er tydeleg òg på heimebane. Me må ha ein kar politikk for framtida. Eit framtidsombod – som kan ettersjå at vala som blir gjort er berekraftige – kan vera ein konkret, konstruktiv og på sikt samfunnsinnsparande løysing, seier Harald Sakarias Hansen, leiar for Spire.

Kampanjen deira startar allereie tysdag kveld med fest for framtidsombodet på Parkteatret, der mellom anna forfattaren og filosofen Jostein Gaarder kjem for å koma med ein appell.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Kva meiner du? Er det på tide me får eit framtidsombod i Noreg?