Debatten om oljeboring ved Lofoten, Vesterålen og Senja burde liggje ein heilt annan stad.

 

Endå ein gong handlar diskusjonen om olje eller ikkje olje i Lofoten. Å opne for oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja er av mange grunnar ein tanke som vekkjer motstand hos mange. Me har nok kunnskap til å vite at konsekvensane av ei einaste oljeulukke, ville vore fatale for dei store fiskebestandane som gyter i desse områda. Lokalbefolkninga vil ikkje ha noko av det og ungdommen vil ikkje ha noko av det. Kvifor diskuterer me eigentleg dette? Kva for ei verd er det Høgre, Arbeiderpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og LO ynskjer? Debatten burde liggje ein heilt annan stad.  

Olje og gass er skadeleg uansett kvar han vert pumpa opp. Dette veit me. Det  dukkar jamt opp nye rapportar som viser til meir og meir fatale klimaendringar. Isen smeltar, snøen forsvinn og hava stig. Parallelt har den sitjande regjeringa sette ny rekord i utdeling av leitelisensar for olje. Me har allereie leita fram fire gonger så mykje fossil energi som klimaet vårt kan handtere.

For nokre dagar sidan kom siste utkast til Miljøpartiet Dei Grøne sitt arbeidsprogram. Me ynskjer å avslutta all leiting etter olje på norsk sokkel. Dette er visst radikalt, men er den einaste realistiske vegen å gå. Det er ikkje godt nok om det skal bli sånn at parti berre treng å vere mot olje i LoVeSe, for å kunne kalle seg “miljøparti”.

Siri Meling frå Høgre reagerer på programforslaget på petro.no, og seier at Dei Grøne og Høgre lev på ulike kloder. Med Høgre sin oljepolitikk vil me trenge fire jordkloder for å kunne oppretthalde forbruket vårt. Om me hadde hatt fire kloder, og kunne leve åtskilt frå kvarandre på desse, hadde det vore vel og bra. Diverre har me berre ei, og det er på tide at me tek klimaproblema som trugar ho alvorleg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE