Folk med sterk tru får mindre sosial støtte

Forsking ved NTNU i Trondheim slår fast at personar har ei sterk tru, opplever mindre sosial støtte enn personar som har eit meir distansert forhold til religion.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Usunt å tru på straffande Gud

Stipendiat Marianne Nilsen Kvande seier til Adresseavisen at ho ikkje har grunnlag i forskinga til å forklare årsaka til skilnaden.

I Noreg går berre 3– 4 prosent av folket tre eller fleire gonger i kyrkja i månaden. Verkelegheita er likevel ei heilt anna enn i USA der delen er over 40 prosent.

– Nordmenn og amerikanarar har veldig ulik oppfatning av samfunnet. Vi har høg tillit til institusjonar, politikarar og styresmakter, det ein kallar sosial kapital. Hos amerikanarane er denne tilliten låg. Kanskje vil det seie at ein knyter seg nærmare til sin eigen kyrkjelyd. Kyrkjelyden gir noko av den sosiale støtta som ein føler samfunnet manglar. Kanskje føler dei mest religiøst aktive i Noreg seg meir som ei gruppe i mindretal, som outsiderar, seier Kvande.

Forskinga Kvande har gjort viser også at dei som har negative religiøse kjensler, opplever mindre velvære i livet. Dei som trur at Gud straffar dei, er mindre optimistiske og har rett og slett dårlegare livskvalitet, fortel Kvande.

Førsteamanuensis Idar Kjølsvik ved Høgskolen i Nord-Trøndelag seier Kvande kan vere på sporet av noko interessant – det han kallar sunn eller usunn tru.

– Dei som kjenner seg rikare av religion, opplever at trua er eit forhold mellom seg og Gud, individorientert. Då kan du fort bli einsam og rar. For ei sunn tru står fellesskap og opplevingar med andre sentralt, seier han. (©NTB)