Fellesforbundet truar med å vrake EØS

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Truar med å vrake EØS

– Seier Høgsterett at EU-retten går framfor eit grundig knesett prinsipp i norsk arbeidsliv, blir det ikkje berre reforhandling av EØS-avtalen – då blir det meir. Då er ikkje EØS-avtalen god nok for Noreg, seier Arve Bakke til Klassekampen.

Verftsstriden vart behandla i Høgsterett førre veke. Om tre-fire veker er rettsavgjerda klar. Saka dreier seg om krava i tariffavtalen til at arbeidsgjevarane må betale kost, losji, reise og eit tillegg på 20 prosent for arbeidarar i denne industrien. Tariffnemnda har dessutan godkjent at desse avgjerdene skal gjelde for alle tilreisande arbeidarar, også dei utan tariffavtale.

LO og Fellesforbundet meiner dette er eit viktig prinsipp i arbeidet mot underbetaling og misbruk av innleigd arbeidskraft. Verfta og arbeidsgjevarorganisasjonen NHO meiner på si side, og med EU-retten i hand, at dette strir mot prinsippet om fri flyt av arbeidskraft.

LES SAKA: Aukande forskjellar i industrien

– I dag er det eit prinsipp at det er arbeidsgjevar som betalar kostnader som kost, reise og losji. Dersom arbeidstakarane må ta kostnaden ved å rett og slett komme i lønnsposisjon, då har vi å gjere med eit heilt nytt prinsipp. Då er det fritt fram, og det opnar eit heilt hav av komplikasjonar. Mesteparten av næringsverksemda vil ikkje lenger vere levedyktig på norsk jord, seier Bakke som rett nok ikkje ønskjer noko krisemaksimering enno.

Etter siger i to rettsinstansar så langt, er han sikker på siger i Høgsterett. (©NPK)

LES OGSÅ: – Me må vurdera å trekkja oss ut