Vann med europeisk draum

Ingrid Maria Bekkestad (16) frå Ål i Hallingdal vann skrivekonkurransen vår om Europa og 4000 kroner.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I innlegget Når det fungerer i klassen, får EU fyrste plassen samanliknar Ingrid Maria Bekkestad Europa med ein skuleklasse, og skriv at EU ligg langt etter i faget økonomi. Juryen seier at innlegget er gjennomarbeida, og får på ein original og gjenkjennande måte fram forskjellane mellom landa i Europa, og felleskapen landa i mellom.

Ho avsluttar innlegget sitt slik:

”Min draum er at EU vil kjempe for menneskerettar og vere eit forbilde for resten av verda. Eg drøymer om at EU skal vera leiande innan miljø og kampen mot forureining. Europa har både pengar og teknologien til å verkeleg arbeide for ei betre verd. Dersom EU-klassa greier å stå saman, trur eg at EU kan vera verdig Nobels Fredprisen også i åra som kjem.”

– Wow!
Ingrid Maria Bekkestad blei glad då ho fekk beskjeden om at ho vann skrivekonkurransen.

– Det var heilt utruleg å vinna! seier ho.

– Eg elskar å skrive! Min draum er å kunne gje ut ei barnebok ein gong, seier 16-åringen som til vanleg går på Gol vidaregåande skule.

Heiderleg omtale
Ingrid Marie Myklebust, Julie Arnfred Bojesen, Elise Flåten Øygaren og Børge Ånensen får heiderleg omtale og ei bok i posten.

Sjå dei andre innlegga som kom inn i konkurransen her!