– Stopp omskjeringa av spedborn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6. februar er den internasjonale dagen mot kjønnslemlesting. Spørsmålet om omskjering var oppe til handsaming i Sosialistisk Ungdom landsstyre denne helga. Der det sa eit klart fleirtal ja til aldersgrense for gutar. Landsmøtet til AUF gjekk inn for dette i haust.

SU-leiaren viser til at omskjering er eit val som bør vera opp til den enkelte, ikkje foreldra si personlege overtyding.

– Sosialistisk Ungdom set med dette vedtaket religionsfridomen til borna føre retten til foreldra til å la eigen overtyding gå utover kroppen til spedborn, seier Andreas Halse til Framtida.no.

LES OGSÅ: Barneombodet: – Jødar og muslimar må endra praksis

Han held fram med å peika på at «det må bli ein slutt på at vi tillèt alt mogleg av særkrav berre fordi det kjem frå religiøse grupperingar. Spesielt når det kjem til åtferd som openbart krenkjer rettane til born»

I uttalen tek Sosialistisk Ungdom òg til orde for framleis forbod mot hijab og andre religiøse symbol i politi og rettsvesen, går mot at det offentlege skal leggja til rette for bønnerom i skulen, vil kutta statsstøtta til organisasjonar som diskriminerer kvinner og homofile og tek til ordet for å endra den kristne formålsparagrafen i skulen.

LES OGSÅ: Vil invitera til fredagsbøn