Fridom og galskap

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lydene på campen dempes, men ligger man i teltet og følger med kan en høre at det alltid er noen som snakker, noen som går forbi teltet og musikkanlegg som spilles i det fjerne. Festivalcampen sovner aldri, men sklir i stedet over i en ny festivaldag (Risbruna, 2011).

Ei natt før Ellen Marie Risbruna (28) skulle avgjere tema for masteroppgåva si, låg ho vaken i senga. Kulturvitskap er eit vidt studium, og temavala er grenselause. Ho leita i si eiga musikkinteresse, og der fann ho svaret:

– Festival! Det ville eg skrive om!

– Festivalar er ungdomskultur. Særleg Roskilde festival er ein gamal festival, med eit særskilt miljø. I media vert den ofte framstilt som ei skummel, gjørmete hending, der narkotika florerer. Eg ville forsøke å frå fram eit anna bilete av festivaldeltakarane, som viser at dei ikkje er ukritiske, men kreative og med på å skape festivalen, seier Risbruna, som er frå Grimstad og bur i Bergen.

LES OGSÅ: Hekta på festival

Festivalbølgja

Då den danske musikkfestivalen gjekk av stabelen for første gong i 1971, tok 10 000 festivaldeltakarar til slettene utanfor Roskilde by. 20 konsertar stod på det to dagar lange programmet. I 2011 hadde festivalen 170 konsertar over åtte dagar, og kring 130 000 menneske bidrog som frivillige, tilsette og deltakarar.

Roskilde-festivalen er i dag den største festivalen i Nord-Europa, men den er langt frå den einaste. Festivallivet har blitt ein sjølvskriven ingrediens i ein stor del av skandinavisk ungdom sine somrar.

Likevel fann Risbruna lite forsking på festivalar då ho skulle skrive masteroppgåva si. Tidlegare forsking tok i hovudsak eit næringslivsperspektiv, og handla om innovasjon og organisering. Risbruna ville derimot finne ut kvifor så mange reiser til Roskilde og kva som skjer når dei vert festivaldeltakarar.

LES OGSÅ: – Festivalar på bygda meir lønsame enn i byane

 Tillit, fridom og galskap

Gjennom intervju med ferske og erfarne festivaldeltakarar og ved sjølv å delta på festivalen freista Risbruna å skildre festivalen innanfrå.

– Feltarbeidet var utfordrande. Eg har delteke på Roskilde fleire gonger før, men i forskarrolla vart det ei heilt anna, og til tider ganske slitsam oppleving. Målet var å finne ein balanse mellom det å vere forskar og det å vere deltakar på same tid.

Gjennom undersøkingane fann kulturvitaren at takhøgde, samhald og kardemommebylova var viktige faktorar for Roskilde-deltakarane.

– Folk reiser til Roskilde fordi bookinga er kjend for å vere bra og ein er trygg på å finne musikk ein likar. I tillegg er dei ei felles haldning på festivalen om at ein tek vare på kvarandre. Mange reiser for musikken, men mange reiser like mykje for stemninga og festen, fortel Risbruna.

Jeg oppfatter at det er høyere under taket enn noen andre steder i verden. Akkurat der. Også er det jo det at man er mer sosialt innstilt. Altså, man slipper lettere folk inn på seg. Og man… alle gjør det, uansett nasjonalitet (Informant til Risbruna, 2011).

Like viktig er tilliten, ifølgje kulturvitaren.

– Fleire av informantane skildra Roskilde-festivalen som friare enn til dømes Øya-festivalen i Oslo. Roskilde-arrangørane synast å ha eit tillitsforhold til deltakarane sine. Dei får tøye grensene, fortel Risbruna.

Ho fann at festivalen for mange vart ein fristad, mellom anna fordi ein kan kle seg som ein vil, eller ikkje kle seg i det heile.

Det er en sånn aksept for å kle deg spinnvilt! Og gå naken! Folk reagerer heller ikke på det. Om du går naken. Det kan du gjøre på Roskilde (Informant til Risbruna, 2011).

LES OGSÅ: Kva treng du for å lage festival?

Dei små minna

For somme er det dei store konsertopplevingane som brenn seg fast. For andre er det dei spontane leikane og dei flyktige møta.

– Folk opplever samhald både som festivaldeltakar og som del av ein leir som er heimen deira under festivalen. Saman skapar deltakarane, dei frivillige, artistane og dei tilsette festivalen, fortel Risbruna.

I ein halvsirkel rundt festivalområdet ligg leirområdet. Der slår 75 000 av deltakarane seg ned under musikkfestivalen.

– Leirane spelar ei stor rolle under Roskilde. Det er dit ein går for å slappe av og feste med gamle og nye kjende. Mange avtaler felles tema på førehand, set opp paviljongar og musikkanlegg, og har eigne flagg som kjenneteikn. Sjølv om ein veit at opplevinga berre varer ei lita stund, legg mange mykje arbeid i leirane, fortel Risbruna.

Når festivalveka er over, riv festivaldeltakarane leirane. Brannbilar køyrer mellom telta på utkikk etter påsette brannar.

Jeg husker de derre danskene som hadde stukket korker ned i jorden, så det så ut som de hadde flislagt leir, ikke sant. Og så har du noen som støvsuger leiren sin, og så har du noen som ikke rydder boss i det hele tatt, ikke sant. Også river man jo alt ned. Søndag kveld (Informant til Risbruna, 2011).

LES OGSÅ: Lever av å lage dugnadsfest

(artikkelen held fram under)

 

 HEIME: Sjølv om dei blir ramponert etter ei veke, legg mange stor innsats i dei provisoriske heimane sine. Foto: Hunter-Desportes/Flickr/CC-lisens

Det gode med det vonde

At festivallivet ikkje berre er fest og glede var eit av funna til Risbruna. Mellom anna fann ho eit skilje mellom dei ferske og dei erfarne deltakarane.

– Det er ei haldning blant veteranane om at ein skal vere lojale mot festivalen. Ein må ta det gode med det vonde. Nokre av mine erfarne informantar irriterte seg til dømes over deltakarar som gav opp og reiste heim dersom festivalen utvikla seg til eit gjørmebad, fortel Risbruna.

Også når det kjem til rus kan ein måtte ta det gode med det vonde. Fridomskjensla og grenseløysa manifesterer seg også i hasjlukta som for mange karakteriserer festivalen. Informantane til Risbruna la heller ikkje skjul på at rus er ein stor del av festivalen.

– Det vert drukke ein god del alkohol i laupet av festivalen, og Roskilde er nærmast ein slags fristad for bruk av cannabis. Men blant informantane mine var meiningane delte. Nokre tykte det kunne bli for mykje rus, andre meinte det ikkje var vanskeleg å seie nei, fortel Risbruna.

Eit mellomaldersk karneval

Rusbruken heng ifølgje Risbruna saman med at festivalar er ei kroppsleg feiring. Fråtsing og å sleppe seg laus er ikkje nye oppfinningar når menneske samlast i eit avbrot frå kvardagen.

– Festivalar er ikkje noko nytt fenomen. Ser ein på karnevala i mellomalderen kan ein finne mange likskapar. Karnevala varte ofte i fleire veker i strekk og snudde verda på hovudet. Menneska tok gatene i bruk, åt og drakk. Dei kledde seg ut, song og dansa. Narrepavar vart utnemnte og ein heldt tullegudstenester i kyrkjene, fortel Risbruna.

Ho meiner festivalar er eit pusterom, som mange alltid har hatt trong for.

– Festivalar er stader der ein kan prøve ut nye identitetar, utan å vere knytt til den personen ein er heime. Ein kan starte på nytt, seier kulturvitaren