Kva treng du for å lage festival?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å lage ein vellukka festival treng ein langt meir enn artistar og festivaldeltakarar. I desse dagar vert Bøgrend Autofest arrangert i Vinje. Som ein av arrangørane deler Eivind Kaasin nokre tips om kva ein treng med Framtida.no sine lesarar.

1. Engasjement
– Noko av det viktigaste for å lage ein god festival, er engasjement for det ein gjer.

2. Tid
Ein treng mykje tid for å skipe festival, meir enn dei to vekene det står på om sumaren. Ein treng rett og slett mykje tid gjennom heile året.

3. Stripps
– Stripps er uvurderleg, det er viktigare enn gaffa-teip. Under fjorårets festival gjekk det med 1500.

4. Vener og veners vener
– Ein treng både gode vener og veners vener når ein vil skipe ein festival.

5. Svevn
– Å få nok svevn under vegs er viktig, og det har vi vorte flinkare til med åra.

6. Mat
– Noko vi ikkje tenkte nok på i starten er mat til dei som jobbar undervegs, for det er viktig det.

7. Kjedelege ting
– Ein treng utruleg mange kjedelege ting når ein skipar til festival, slik som lister, system, skrivar og lamineringsmaskin.

8. Festivaltoalett
– Det er særs viktig å plassere festivaltoaletta langt ned på festivalområdet. For plasserar ein festivaltoaletta der området er på det høgaste og det kjem ein lekkasje, kan det verte ei skandale.

9. Ein nedlagt bensinstasjon
– Usannsynlege stader er ein god start om ein vil lage festival. Får eg valet mellom å reise på festival i eit kulturhus eller på ein nedlagt bensinstasjon, er eg ikkje i tvil, avsluttar Eivind Kaasin.

Sjå biletserie frå Bøgrend Autofest!

LES OGSÅ: Slik får du støtte til gode idear!