Akademia har neglisjert formidlingsansvaret sitt overfor samfunnet til fordel for akademisk loppeteater, fagleg flisespikkeri og kiving om å bli påskjøna av kollegar i inn- og utland.

Den teknologiske utviklinga som har gått føre seg dei siste tjue åra har ført til fundamentale forandringar i samfunnet og dagleglivet til millionar av menneske. Viktigast av alt er utviklinga av verdsveven (WWW). Kimen til den såkalla internett-revolusjonen blei sådd ein augustdag i 1991 då Tim Berners-Lee i det som var eit historisk vendepunkt lasta opp den første nettstaden på verdsveven. Utviklinga sidan den gongen har vore rivande, og mellom anna resultert i nye kommunikasjonskanalar og nedbygging av fysiske landegrenser, kort fortalt ei raskare omdreiing av alle dei tannhjula som held globaliseringa i gang. Nettleksikonet Wikipedia er sjølve krumtappen i den vevbaserte kommunikasjonen som meir enn nokon gong før gjer oss i stand til å spreie og utveksle tankar, idear, kunnskap og informasjon.

Trass i at Wikipedia er knapt eit tiår gammalt har det allereie klart å bli det største leksikonet verda har sett, med i alt tjue fire millionar artiklar fordelt på over 250 språk. Det er over femti gongar så mange som det høgakta engelskspråklege Encyclopædia Britannica kan skilte med. Leksikonet er blitt så stort at skulle ein gje det ut i bokform måtte ein grovt rekna ha trykt det i over 8750 band på fire hundre sider kvar. Wikipedia gjer nytte av det potensialet verdsveven har for å spreie og publisere informasjon raskare enn nokon gong før, og gjennomgår daglege revideringar og ein kontinuerleg tilvekst av nye artiklar. Nettleksikonet blir aldri utdatert, har ingen fysiske avgrensingar og har eit større spenn i tema og kva ein skriv om enn det er mogleg å få til med den gamaldagse måten å skrive leksikon på. Dugnadsmodellen er det prinsipielle pulsslaget som gjer Wikipedia til eit levande leksikon: det var fyrst når ein opna for at alle kunne bidra med kunnskapen sin, utan krav til formell kompetanse eller bakgrunn, at ein opplevde den eksplosive veksten som kulminerte i at leksikonet blei den største kunnskapskjelda menneskeheita har sett.

Men i Wikipedia sitt tilfelle er dygda også ein last. Kritikken mot Wikipedia er som oftast retta mot at den leksikalske anarkismen kvar bidraga frå røynde fagfolk og glade amatørar ikkje blir gjort skilnad på, medfører at ein ikkje kan lite på det som står der. Ein er redd for at leksikonet kan vere eit kunnskapens syrebad kvar kvasi-intellektuelle slangar med ekstreme synspunkt kan spreie gifta si. Frykta for å få namnet sitt knytt til artiklar som fremjar påstandar den etablerte vitskapen ikkje stør, har tydelegvis skremt akademikarar bort frå prosjektet, til innbyrdes skade for både Wikipedia og akademia. Ein har heller ikkje tru nok på Jørgen Hattemakar sin evne til å skrive korrekt og godt nok om saker og ting ein sjølv meiner å ha best greie på. Desse bekymringane har vist seg å vere sterkt overdrivne. Ei undersøking utført av det vitskaplege tidsskriftetNature i 2005 synte at leksikonet jamt over er like nøyaktig som Britannica, og inneheld like mange store feil. Den seigliva myten om det upålitelege Wikipedia lever likevel vidare. Akademikarar flest vel uansett å late att auga for verda utanfor og held fram med å føre eit klostertilvære i gamle krystallpalass. På ein slik bakgrunn kan ein spørje seg om ikkje skepsisen til Wikipedia loddar djupare enn å vere ein frykt for det faglege omdømmet. Det er ikkje usannsynleg at kritikken mot Wikipedia like mykje er eit åtak på eit fenomen som er i ferd med å bryte ned gårsdagens kunnskapshegemoni, kvar lærde professorar, amanuensisar og dosentar hadde langt større definisjonsmakt andsynes kunnskap og fakta enn det tilfellet er i dag.

Det er lett å leve seg inn i delar av den akademiske skepsisen til Wikipedia. Det er ein veikskap at artiklar ikkje alltid er like objektive, at dei er utført av skribentar som ikkje har nok djupnekunnskap også vidare. Likevel vil eg hevde at det er eit feilsteg å vende ryggen til leksikonet av den grunn. Den enkle tilgangen gjer at Wikipedia er ein av dei mest populære nettstadene på heile verdsveven, og bortimot den einaste som ikkje er styrt av økonomiske interesser. Me som har hovudet nærmare brusteinen enn elfenbeinstårnet veit at Wikipedia og veven er den primære kunnskapskjelda for skuleelevar, studentar og vanlege menneske i det daglege liv. I staden for å vere med på å kvalitetssikre og formidle den kunnskapen vanlege menneske nyttar, har ein gjort seg sjølve til ludittar som i hovmodig trass gjer krav på eigedomsrett til eit kunnskapstre som no ligg i utmarka. Det heile føyer seg inn i ein lei tendens innan akademia, der ein dei siste tiåra delvis har neglisjert formidlingsansvaret sitt overfor samfunnet til fordel for akademisk loppeteater, fagleg flisespikkeri og kiving om å bli påskjøna av kollegar i inn- og utland.

Det er nett i den stadige straumen av informasjon og inntrykk som veltar over oss at Wikipedia er plog i asfalt: I eit postmoderne, fragmentert informasjonssamfunn der fakta og sanning er under press frå marknadskrefter, og kvar den politiske scenen er redusert til ei retorisk leikegrind for veslevaksne seminaristar, er evna til å stille kritiske spørsmål, kjeldekritikk og mistru til sannseiarar viktigare enn nokon gong før. Faktisk er det heilt fundamentalt dersom me skal freiste å navigere i det ulendte informasjonsmessige terrenget me i dag står overfor. Wikipedia synleggjer at me ikkje ukritisk kan feste lit til den informasjonen me omgjev oss med, trass i kor fint innpakka han måtte vere. I dette nye landskapet kunne faglærde vore heilt sentrale som stigfinnarar, vegvisarar og gartnarar og rydda grunnen for ugraset som stenger vegen til kunnskap og erkjenning.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE