Elevar les dårlegare på skjerm enn på papir
Elevar med dårlege leseferdigheiter får ei ekstra utfordring når dei les på PC, og avstanden til dei flinkaste aukar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Les dårlegare på skjerm
Det viser ei undersøking gjennomført ved Universitetet i Stavanger.
Forskarane har samanlikna leseferdigheitene til 71 tiandeklassingar. Ei gruppe leste på papir, medan den andre leste på skjerm. Det var i utgangspunktet ingen nivåforskjell på dei to gruppene, men det viste seg at dei med dårlegast leseferdigheit sleit ekstra på skjerm.
– Elevar med svakast leseferdigheit scorar mykje lågare på leseforståingsprøva når dei les tekster på skjerm, medan prestasjonane til dei flinke elevane ikkje blir påverka av mediet dei les på, seier universitetslektor Bente R. Walgermo til Forskning.no.
Dermed aukar forskjellen mellom dei sterke og dei svake lesarane på PC.
Anne Mangen ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger meiner det er viktig å bruke den nye kunnskapen i utforminga av framtidige digitale prøver.
– Resultata har viktige implikasjonar sjølv om det er bestemt at vi skal bruke ei digital prøveplattform. Det vil jo ha ein innverknad på utviklinga av prøvene. Det vil uansett vere forskjellar, vi må berre prøve å minimere dei, seier ho.
Resultata frå undersøkinga seier ikkje noko om lesing på til dømes lesebrett, nettbrett eller smarttelefonar. (©NPK)