– Viss me blir knebla i fleire verdisaker, er det naturleg å diskutera kva Senterpartiet bør gjera vidare i regjeringa, seier leiaren for Senterungdommen, Sandra Borch.

mm

Fleire i Senterpartiet snakkar om eit grasrotopprør etter måten Arbeidarpartiet har prøvd å ordna rekkene blant dei raud-grøne i spørsmålet om EØS-avtale.

– Arbeidarpartiet opptrer veldig arrogant, seier leiaren for Senterungdommen til Framtida.no.

Ho meiner ballen no ligg hos Arbeidarpartiet. Ho nemner jordbruksoppgjeret som eit av dei viktige spørsmålet som partiet krev gjennomslag på.

– Eg fryktar eit oppgjer om det ikkje skulle skje, seier ho.

LES OGSÅ: Nei til EU krev alternativ til EØS

– For tidleg
Fleire Arbeidarparti-toppar har den siste veka gått ut med krav om at Senterpartiet må avklara om dei framleis kan gå med i ei regjering utan reforhandling av EØS-avtalen. Måndag sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete til Nationen at ho ikkje kunne garantera at dei ikkje ville krevja ei slik reforhandling i løpet av dei neste fire åra. Arbeidarpartiet var ikkje nøgd med dette, og måndag kveld gjekk Sp-leiaren og nestleiarane hennar ut med ein felles uttale.

– Me har avklart at EØS i år, akkurat som i 2005 og 2009, ikkje skal stå i vegen for ein fortsatt raudgrøn regjering. Den politiske situasjonen gjer at me ikkje vil krevja oppseiinga eller reforhandling for å gå i regjering, sa partileiar Liv Signe Navarsete og nestleiarane Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, ifølgje Nationen.no.

– Eg skulle ønskja leiinga tok opp kampen, seier Sandra Borch til Framtida.no.

– Må høyra på medlemmane
Sentralstyremedlem i Senterungdommen Marit Nærås Krogsæter seier at ho skulle ønskja at leiinga av Senterpartiet kunne venta til landsmøtet før dei gav nokre garantiar om EØS-avtalen.

– Det leiinga gjer no er å ikkje høyra på medlemmane sine. Ein viktig grunn til at me er mot EU og EØS er at me vil høyra på kva folket vil. Då vil me venta til landsmøtet bestemmer seg, seier Marit Nerås Krogsæter. Ho seier at ho ikkje trur det er aktuelt å gå ut av regjeringa no, men at det kan bli det.

LES OGSÅ: Vil gjere EØS til valkampsak

– Frykt for LO-kongressen
Sandra Borch trur hardkøyret frå Arbeidarpartiet skuldast at partiet fryktar at LO-kongressen skal gå inn for same synspunktet som Senterungdommen, og krevja ei reforhandling av EØS-avtalen.

– Me meiner det bør forhandlast ein ny avtale. Standpunktet vårt er at me bør la folket få bestemma om ein skal halda på dagens EØS-avtale i ei folkerøysting, seier Borch til Framtida.no.

Kva meiner du? Bør me få ei folkerøysting om EØS-avtalen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE