Dei borgarlege lovar pelsdyravklaring etter valet.

NPK-NTB
NPK-NTB

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre lovar ei rask avklaring om norsk pelsdyrnæring etter valet. Også den sitjande regjeringa har varsla at meldinga om dyrevern ikkje blir lagt fram før etter valet.

Kvar dei fleste partia står i saka er allereie kjent. KrF, Høgre og Frp er positive til pelsdyroppdrett. Venstre ønskjer å avvikle næringa. Det gjer Arbeidarpartiet også, i tillegg til Sosialistisk Venstreparti.

– Vi kjem ikkje til å leggje ned næringa. Frp er pelsdyrbøndenes beste ven, seier Torgeir Trældal, partiets landbrukspolitiske talsmann til Nationen.

LES OGSÅ: Rekordmange oppdrettarar

– Alle partia må ta omsyn til at det er ei tradisjonsrik næring. Ap har vore så tydelege på at dei ønskjer avvikling, men regjeringa har ikkje klart å gi svar, seier Svein Flåtten, næringspolitisk talsmann i Høgre.

– Vi ønskjer ikkje ei avvikling, men er for ei heilskapleg vurdering. Det er trist for næringa at ikkje regjeringa har komme med eit svar, og KrF er budd til å ta ei avgjerd, seier stortingsrepresentanten for partiet, Kjell Ingolf Ropstad.

Men Venstre, som meiner det ikkje finst noko anna alternativ enn å avvikle næringa, meiner at eit regjeringsskifte ikkje må bety at KrF, Høgre og Frp vinn fram med sitt syn i saka.

LES OGSÅ: Seier nei til pelsdyroppdrett

– Ein ting er kva partia i ei regjering meiner. Noko anna er kva synspunktet hos fleirtalet i Stortinget er. Det er ikkje sikkert det blir ei fleirtalsregjering etter valet, og då kan ein gå til Stortinget for å få fleirtal. Det er jo ikkje ei ulempe for Venstre at Ap og SV er for avvikling, seier Venstres sentralstyremedlem Guri Melby. (©NPK)

Kva meiner du om pelsdyroppdrett? Er det på tide å leggja ned næringa?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE