370 kommunar manglar lærarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Tala frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser ei lita betring i forhold til i fjor, men framleis manglar det kvalifiserte folk i om lag 1800 lærarårsverk i skulane rundt om i landet, ifølgje Nationen.

Blant kommunane som har flest stillingar utan kvalifiserte lærarar er det mange utkantkommunar, særleg i Nord-Noreg. Men Fedje i Hordaland har flest ukvalifiserte lærarar av alle, og Hyllestad i Sogn og Fjordane kjem også høgt på lista med 25,3 prosent av lærarane som ikkje fyller krava.

LES OGSÅ: Treng flinke lærarar

– Vi har skjerpa kompetansekrava for å kunne undervise. Det har stramma til presset på kommunane for å skaffe folk med godkjent utdanning, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen til Nationen. Ho meiner gode utdanningsinstitusjonar over heile landet og offensive kommunar er viktig for å skaffe fleire kvalifiserte lærarar.

Skulesjef Helge Tangen i Fedje kommune vil setje i gang ein sjarmoffensiv mot kvalifiserte lærarar med tilknyting til kommunen og lærarstudentar. Men han ser ikkje for seg noko snarleg løysing på problema.

– Eg trur at det i utgangspunktet er nok kvalifiserte folk i samfunnet til å fylle skulane med kompetanse, så då handlar det ikkje om utdanningskapasitet. Men om dei som utdannar seg ikkje vil arbeide i skulen, må vi utdanne fleire, seier Tangen til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Uroa over lærarmangel