– Totalitært forslag frå Frp-Sandberg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Totalitært forslag frå Frp

I dagens Dagsavisen tar Per Sandberg til orde for å kutta støtte til frivillige organisasjonar som ikkje opptrer «nøytralt».

– Me må ha ein gjennomgang av kva dei enkelte organisasjonane leverer, kva for agenda dei har og finna ut av om dei opptrer nøytralt, seier Per Sandberg til Dagsavisen.

Han viser til ei sak Dagsavisen omtala måndag, der Morten Ørsal Johansen, innvandringspolitisk talsmann frå Frp truga med å kutta støtta til Antirasistisk senter viss partiet får regjeringsmakt. Bakgrunnen er ein fotnote om høgreekstreme anklagar Anders Langes parti (forløparen til Frp) for å ha mottatt valkampstøtte frå apartheid-regimet i Sør-Afrika.

LES OGSÅ: Frivillig arbeid for 60 milliardar

Hard motstand
I forslaget til alternativt statsbudsjett føreslo Framstegspartiet å kutta all støtte til innvandrarorganisasjonar, noko som utgjer 50 millionar. Dei ønskjer òg å kutta 20 millionar til miljøvernorganisasjonar.

Leiaren i Natur og Ungdom reagerer på forslaget til Per Sandberg.

– Det blir skummelt viss politikarar skal vurdera om ein organisasjonar nøytral eller ikkje, seier ho til Dagsavisen, og presiserer at organisasjonen har vedtekter om at sentrale styremedlemmar ikkje kan ha verv i politiske parti.

Frivillige organisasjonar kan kvart år søkja om kring fire milliardar kroner frå det offentlege.

LES OGSÅ: Frivillig – fordi eg fortener det

– Skremmande
– Framstegspartiet sitt forslag om å strupa støtta til alt dei ikkje likar og som seier i mot dei er ein skremmande tenkemåte. Denne praksisen høyrer heime i totalitære regime, uttalar Elisabeth Løland, leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom til Framtida.no.

Løland meiner det er skremmande at Sandberg set seg til dommar over kva som er «nøytralt» og ikkje.

– Det heile starta med at FrP reagerte med trugsmål om å trekka statsstøtta til Antirasisitsk Senter på grunn av ein fotnote. No har dei gjort denne drøye tilnærminga til eit prinsipp, og tar med det eit langt steg mot det totalitære, seier Løland.

– Me må tåla at frivillige organisasjonar kjem med angrep på politiske parti. Ei kritisk røyst er jo mykje av målet med sivilt samfunn, påpeikar Løland.

– I motsetning til Sandberg synest eg det der sunt at politikarar blir motsagt i det offentlege. Det må også Frp tåla¸ held ho fram.

– Per Sandberg sine uttalar er eit dårleg skjult trugsmål mot alle som er ueinige med han. Eg håpar ingen av organisasjonane lar seg truga til å teia, avsluttar Løland.

LES OGSÅ: Frivillige meir lykkelege

Kva synest du om forslaget til Framstegspartiet? Bør statsstøtta trekkjast tilbake om ein organisasjon ikkje opptrer nøytralt?