AUF krev ny oljepolitikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Dagens Næringsliv, tysdag, varslar Eskil Pedersen, som sit i Arbeidarpartiet sin programkomite, at han kjem til å ta ut dissens på heile olje- og gasskapittelet i programmet, til fordel for eit heilt nytt delkapittel.

– AUF kjem konkret til å fremja eit alternativt delkapittel for Arbeidarpartiets politikk for olje og gass. For oss held det ikkje å flikka på nokre formuleringar. Me treng ei heilt ny retning, seier Pedersen.

– Det er både miljømessige og økonomiske argument for å ikkje starta med oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen, Jan Mayen, Barentshavet og område i Arktis. Store delar av økonomien vår handlar om oljeindustrien. Me må samtidig klara å byggja andre bein å stå på. AUF foreslår at oljeverksemda skal konsentrera seg om restutvinning i eksisterande område, framfor den Klondykestemninga som no rår for oljeboring i nord, avsluttar AUF-leiar Eskil Pedersen.

AUF vil redusera tempoet i oljeutviklinga og meiner at både arbeidskraft og forskingsinnsatsen må vridast over på fornybare energikjelder og annan næringsverksemd som Noreg kan leva av på sikt. Kombinert med ei strengare avgrensing av kor det kan føregå oljeverksemd, vil AUF foreslå betre oljevern.

Er det på tide å redusera oljeutvinninga på norsk sokkel? Del meiningane dine i kommentarfeltet under!