Om innvandrarar sjølv kunne velja, hadde dei ønskt å vera i mindretal i nabolaget.

mm

Innvandrarar er ikkje spesielt oppteke av om det bur mange innvandrarar der dei buset seg. Men når innvandrardelen der dei bur er høg, gjev innvandrarane uttrykk for at dei ynskjer å avgrensa innvandrartettleiken. Det viser ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ei utbreidd førestelling er at innvandrarane følar seg tryggare og meir heime i omgivnader der andre med innvandrarbakgrunn òg bur, og at det er deira eigne preferansar som er hovuddrivkrafta bak valet av bustad. Analysen til SSB tyder likevel på at innvandrarane sine eigne ønskjer neppe er noko særleg viktig som pådrivar for innvandrartett busetjing.

LES OGSÅ: Innvandrarar vil helst bu på bygda

Dei fleste innvandrarane ynskjer ikkje innvandrarfleirtal.
Nesten tre av ti svarer at nokre få innvandrarar i buområdet er det ideelle, medan 8 prosent meiner den ideelle innvandrardelen er under halvparten. 15 prosent synest innvandrarane burde utgjera eit fleirtal i buområda, medan kring halvparten ikkje bryr seg. Når innvandrardelen i nabolaget er høg, aukar òg delen som seier dei ynskjer færre innvandrarar i buområdet.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Sist veke blei det kjent at minoritetselevar er i fleirtal ved 54 skular i Oslo dette skuleåret.

Rapporten konkluderer med at det er trong for studiar av preferansane til majoritetsbefolkninga for å bu eller ikkje bu i område med mange innvandrarar og i kva grad desse – i tillegg til økonomiske drivkrefter – er ein viktig faktor bak busetjingsmønster.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE