Erna vil satse meir på førebygging

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heller hjelp enn piller

Til ei kvar tid har 15 til 20 prosent av barn og unge mellom tre og 18 år psykiske vanskar, ifølgje Folkehelseinstituttet. Halvparten av desse igjen har så alvorlege symptom på psykiske vanskar at dei treng behandling.

På den nasjonale konferansen Psykisk Helse 2013 i Trondheim denne veka, tok Høgre-leiar Erna Solberg til orde for å satse meir på førebygging.

– Vi må få fleire lågterskeltilbod ute. Det er til dømes helsesøsterteneste og lågterskel-psykologteneste. Vi må også passe på at vi byggje opp psykisk helse innan helseforetaka. I tillegg må vi byggje opp kompetansen i kommunane for samhandlingsreformen. Vi ynskjer psykologar med refusjonsrett og at dei jobbar tettare saman med legar. Mange som i dag får pillar av fastlegen, burde i staden fått hjelp til si psykiske helse, seier Solberg.

LES OGSÅ: Mange osloungdommar slit psykisk

Samansett gruppe
Ho meiner ungdom som har psykisk vanskar, treng ei rekkje ulike tilbod. Og at det ei samansett gruppe. Mellom anna peikar ho på at det er viktig at barn som veks opp med foreldre som er psykisk sjuke, får dei hjelpa dei treng.

Også dei styrande partia meiner at noko må gjerast med dei mange unge som har psykiske vanskar.

– Det er skremmande høge tal. Vi har sett det har vore slik lenge. Fråfall i skulen har vi på ulike vis prøvd å gjere noko med, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken (Sp) i Kommunal – og regionaldepartementet. Men til no har ingen av tiltaka hatt tilfredsstillande effekt. Ein av tre elevar i vidaregåande skule fullfører ikkje vidaregåande.

LES OGSÅ: Dansa vekk bekymringane

Ny plan
Til våren kjem stortingsmeldinga ”Utdanninslinja” som drøfter problemstillingane kring fråfall i skulen.

For å betre unge si psykiske helse, meiner Sandbakken at kvar einskild av oss har eit ansvar.

– Det førebyggjande arbeidet er det viktigaste vi kan bidra med. Vi som medmenneske må bry oss om kvarandre. Kommunar og spesialisthelsetenesta har sjølvsagt òg viktige roller, seier Sandbakken.

LES OGSÅ: Unge trakkaserer kvarandre for å få sex

Solberg meiner det er viktig å få til ei betring i unges helse.

– Det er svært viktig å få ned tala på unge med psykiske vanskar. Dårlig psykisk helse er det ungdom rapporterer som hovudårsak til at dei fell ut av skulen. Det gjer at mange ikkje kjem inn på utdanning. Det å ha ein god psykisk helse i ungdommen gir ein betydeleg betre start på vaksenlivet og det har ringverknader resten av livet.

Kva meiner du bør gjerast for å førebyggja psykiske problem blant unge?