Løn viktigare for utdanningsvalet til menn

Forventa inntekt er viktigare for menn enn for kvinner når dei skal velja utdanning, viser ein ny studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel utdanning etter forventa løn

I snitt vel menn utdanningar med 10 prosent høgare inntekt enn kvinner, viser studien som forskar Lars Johannessen Krikebøen ved Statistisk sentralbyrå (SSB) som står bak studien.

Studien viser også at økonomisk risiko påverkar utdanningsvalet til menn og kvinner på ulike måtar. Generelt er kvinnene mykje meir opptekne av økonomisk tryggleik enn menn. Studien viser at kvinner er villige til å redusera inntekta med heile 40 prosent for å få ein trygg arbeidsplass, medan menn berre vil gå ned rundt 7 prosent i inntekt for å tryggja framtida. Det betyr til dømes at ein del kvinner heller vel å bli lærarar enn siviløkonom. Grunnen er at det som ofte er større uvisse knytt til utdanningar med høg snitt inntekt.

LES OGSÅ: – Spennande å vera ein del av oljeeventyret

Desse skilnadene er ei sterkt medverkande årsak til at menn tener meir enn kvinner.

– Dersom menn la like stor vekt på inntekt og risiko som det kvinner gjer (eller motsett), ville skilnadene vore omtrent utlikna, heiter det i omtalen av studien.

Studien byggjer på informasjon om søkjarane til Samordna opptak i åra 2004– 2009. (©NPK)

LES OGSÅ: Desse utdanningane gjev best løn

Les meir om yrkesval her!